Detaljer
Hannah Blom – Journalist : Journalist
Laurita Fure Briceño – Journalist : Journalist
Charlotte Øyane-Sanden – Journalist : Journalist
Publisert: 24-06-2026 06:47:06
Oppdatert: 24-06-2026 07:19:28
Les på nrk.no

Varslar momssjokk for Airbnb: – Ein direkte konkurrent

Skattekommisjonen varslar momsauke i reiselivet. – Det kan bety kroken på døra for mange, varslar NHO.

Skattekommisjonen varslar høgare moms på hotellovernattingar og moms på korttidsutleige gjennom digitale plattformer som Airbnb.

Moms på hotell, camping, hytteutleige, persontransport og kultur er foreslått auka frå 12 til 15 prosent.

Det er nokre av anbefalingane til nye skattereglar, som vart presentert av finansminister Jens Stoltenberg (Ap) onsdag føremiddag.

For fyrste gong kjem det forslag om å greie ut innføring av moms på korttidsutleige av fast eigedom på delingsplattformer.

Med det siktar dei til plattformer som Airbnb og Booking.com.

At slike aktørar ikkje har betalt moms til no, meiner kommisjonen gir skeiv konkurranse til ulempe for dei meir tradisjonelle aktørane i reiselivet.

No vil dei ha meir like spelereglar for hotellnæringa og private utleigarar.

Kan få momssjokk

Det er dårleg nytt for Airbnb-utleigar Erik Finn Johnsen.

Han har leigd ut to leilegheiter i bygarden han eig i Bergen i fleire år.

Dersom forslaget blir vedteke, varslar han dyrare utleige.

– Da må eg legge på momsen på leiga. Det vil bli dyrare å leige via disse plattformene dersom det kjem moms på dei.

Ein sats på 25 prosent moms på Airbnb kan gi staten ein milliard i inntekter, medan 15 prosent kan gi 600 millionar, står det i rapporten.

Han fryktar momsauke kan ha konsekvensar for heile reiselivet.

– Då blir spørsmålet om gjestane har nok betalingsvilje eller i det heile tatt vil komme til Noreg.

– Meir like konkurransevilkår

13 prosent moms på hotellnæringa har vore vanleg. No er hotellnæringa nøgd med at også Airbnb-utleigarar må ut med meir til staten.

– Då får vi i alle fall litt meir like konkurransevilkår.

Det seier Sølvi Solmunde, direktør for Clarion Hotel Admiral i Bergen. Ho meiner det hadde vore eit steg i riktig retning.

– Ein ting er enkeltpersonar som leiger ut heimen sin når dei er på ferie. Det er ei heilt anna sak med utleige i stor skala.

– Då er jo det ein direkte konkurranse mot den drifta som vi held på med. Det er i praksis hotellovernatting, men utan moms.

NHO fryktar konsekvensar

Auka turistskatt og meir moms kan bety kroken på døra for fleire bedrifter, meiner NHO Vestland.

– Nokre bedrifter ligg både i null og minus allereie. Og viss du får ein momsauke som gjer at det blir færre overnattingar, så kan det ramme bedrifter kraftig, seier fungerande direktør, Sondre Olsen.

Han peiker også på at Airbnb ikkje gir særleg mange arbeidsplassar, i motsetnad til hotellnæringa.

– Hotellnæringa er ein viktig arbeidsgivar for mange, seier han.

Også hotelldirektør Solmunde er bekymra.

– For overnattingsbedrifter vil det bety at vi må auke prisane. I tillegg kjem kanskje ein turistskatt på 3 prosent. Så prisane på overnatting vil auke, seier ho.

– Bør ikkje råke den enkelte utleigar

Skattekommisjonen har førebels ikkje spesifisert korleis moms på Airbnb kan fungere i praksis. Momsforslaget skal utgreiast nærare.

Det er usikkert om Airbnb-moms berre vil gjelde utleigarar i stor skala eller også ein bustadeigar som leigar ut i ny og ne.

Carsten Pihl, leiar for politikk, samfunn og berekraft i Huseierne, meiner det vil vere urimeleg om momsen også vil gjelde «vanlege bustadeigarar»

– Å bli momsregistrert for å leige ut ei veke eller to på sommaren, eller ei helg eller to på hausten, det er for mykje jobb for den enkelte.

Dersom eit slikt forslag kjem, varslar Huseierne motstand.

Pihl har derimot stor forståing for å innføre moms for dei som driv med Airbnb-utleige i større skala.

– Vi skjønnar at tanken er å likestille korttidsutleige med hotelldrift for å jamne ut prisane. Det er jo noko ein kan ha sympati for.

Airbnb-utleier Erik Finn Johnsen er einig.

Sjølv omtalar han seg sjølv som ein «liten aktør». Inntekta frå Airbnb kjem godt med når rekningane skal betalast.

– Men når det gjeld dei store aktørane som er profesjonelle, så forstår eg at dei er ein direkte konkurrent mot hotellnæringa.

Kan bli historiske skatteendringar

Rapporten frå skattekommisjonen kan bli starten på dei største skatteendringane i Noreg på fleire tiår.

Leiar for skattekommisjonen, Eigil Knutsen, seier målet er eit betre og meir rettferdig skattesystem.

– Eg meiner folk flest vil kome betre ut med skattekommisjonen sitt forslag samla sett.