Detaljer
Laurita Fure Briceño – Journalist : Journalist
Per Kristian Grimeland – Journalist : Journalist
Maria Gunnarsdotter Svedal – Journalist : Journalist
Publisert: 15-12-2025 01:42:55
Oppdatert: 15-12-2025 02:33:39
Les på nrk.no

Politiet ber om tips i drapssak i Alver kommune

Vest politidistrikt går ut med bilete og ber om hjelp til identifisering etter ei kvinne vart drepen i Alver i oktober.

Vest politidistrikt ber om hjelp i etterforskinga etter drapet på ei kvinne i 50-åra i Alver kommune.

Kvinna vart funnen livlaus i sin eigen heim 16. oktober, og døde seinare på sjukehus.

Svigersonen til kvinna er sikta for drapet. Mannen i 30-åra har tidlegare sagt at han ikkje erkjenner straffskuld.

Politiet har tidlegare etterlyst tips frå personar som har vore i området mellom Holme i Alver og Frekhaug torsdag 10. oktober 2025 omtrent klokka 19.

No går dei ut med bilete av ein person og ein syklist, og ber om hjelp til identifisering. Politiet tek i mot tips på telefon 45606078 eller på heimesidene deira.

Ber om hjelp til identifisering

Det eine bilete viser ein person i området rundt åstaden i Alver kommune. Etter rundspørjing i området har politiet fått tilgang til video frå eit vitne sitt bilkamera.

Politiet er også interessert i informasjon om ein person som trilla ein sykkel i Dalavegen i Åsane torsdag 16. oktober i 18-tida. Personen går i retning Hordvik på den Trondhjemske postveg.

Ein mørk sykkel har også tidlegare blitt etterlyst, og er framleis ikkje funnen. Politiet trur den kan vere etterlaten i området Nordhordland, Bergen nord, Arna eller Osterøy, og ønsker tips om denne også.

Statusen til den sikta mannen i 30-åra er uendra etter politiet har gått ut med nye bilete. Han er framleis sikta for drapet på kvinna, opplyser politiadvokat Eli Valheim i Vest politidistrikt til NRK.

Om det er same person, eller to ulike personar på bileta er foreløpig uvisst.

– Det er personar som vi finn interessante ut ifrå etterforskinga. Eller personen/personane. Vi veit jo ikkje om det er éin eller same person. Og den sikta har fått sett dette her i avhøyr.

– Kva har han sagt om dei to personane på bileta?

– Viss han hadde erkjent at det var han, så hadde vi jo ikkje gått ut og etterlyst dei, seier ho.