Detaljer
Håkon Vatnar Olsen – Journalist : Journalist
Publisert: 21-06-2026 09:03:04
Les på nrk.no

Seier nei til cruiseavgift på 100 kroner

Kommunar fryktar at høg cruiseavgift vil skremme vekk turistar og kvele lokalt næringsliv.

Regjeringa vil innføre cruiseavgift, der kommunane kan krevje 100 kroner frå kvar passasjer.

Det kan gje millionar i slunkne kommunekassar.

Men dei fleste cruise-kommunane seier nei til forslaget.

– 100 kroner er for høgt. Vi har tenkt på 20 kroner, seier ordførar i Stad, Judith Kvåle (Ap).

Her på Nordfjordeid er det privat cruisekai. Kommunen får ingen direkte inntekter frå turistane.

Med ein 100-lapp i avgift, kunne kommunen drege inn 20 millionar med årets trafikk.

Kvåle trur ein så høg avgift vil føre til færre båtar – og mindre pengar i kassa til lokalt næringsliv.

Ho får støtte frå mange andre kommunar.

Éin kommune støttar forslaget

Førebels er det berre Alta kommune som vil ha fast sum på 100 kroner.

– Vi synest ikkje det er ein veldig stor sum. Det kjem ikkje til å vere avgjerande for om turistane vil ta turen eller ikkje, seier Alta-ordførar Jan Martin Rishaug (Sp).

Mange kommunar vil ha 100 kroner som eit tak, men sjølv bestemme prisen.

Blir prisen fast, ønsker til dømes:

Strid om nasjonal eller lokal ordning

Fleire kommunar krev at avgifta skal vere lik i alle kommunar – for å hindre at kommunane skal konkurrere om å ha lågast avgift.

– Det må vere ei avgift som blir sett nasjonalt, seier Alta-ordførar Jan Martin Rishaug (Sp).

Det får kommunar som Aurland i Sogn til å protestere. Dei vil helst ikkje ha noko avgift i det heile tatt.

– Vi har kommunal kai, og har allereie dette verktøyet, seier Aurland-ordførar Kjell Bøe Bjørgum (Ap).

Dei har allereie finjustert hamneavgiftene for å dekke inn utgifter. Mellom anna må dei mest forureinande skipa betale meir.

Ei påtvinga avgift vil skape mykje bry.

– Kommunane bør kunne bestemme nivået sjølv, seier Bjørgum.

Får ikkje bruke pengane fritt

Regjeringa ønsker at cruiseavgifta skal bli innført i 2027. Denne avgifta skal berre vere for kommunar med særleg høgt trykk av turistar, og kjem i tillegg til den omstridde avgifta på overnatting.

Pengane frå cruiseavgift skal berre gå til å dekke turistrelaterte utgifter. Kommunane kan ikkje bruke cruiseavgifta til eldreomsorg og skule, ifølge forslaget.

Regjeringa meiner 100 kroner er eit moderat nivå. Med denne summen kunne dei totale inntektene vore nær 600 millionar.

– Samanlikna med andre land som har valt å innføre ei kommunal cruiseavgift, er den føreslåtte avgifta på eit moderat nivå, skriv regjeringa.

På Island har dei 200 kroner i avgift for kvar passasjer kvart døgn. Det har ført til 37 prosent nedgang i cruisetrafikken på to år.

Kommunesektorens organisasjon (KS) vil òg ha 100 kroner som tak, der kommunane kan bestemme prisen etter eige ønske.

Regjeringa seier forslaget til cruiseavgift ikkje er meint som eit instrument for å regulere trafikk.

Likevel ønsker kommunar, som Ålesund, å ha høg avgift i høgsesongen og lågare avgift i skuldersesongane – for å regulere.

Næringsminister Cecilie Myrseth har tidlegare sagt at avgifta ikkje skal redusere turismen.

– Vi ønsker å ha cruiseturistar i Noreg. Dette skal ikkje vere ei ordning for å ta ned aktiviteten. Men vi må sørge for at dei som kjem hit, legg att sitt bidrag.