Ulykka skjedde søndag morgon 28. september ved industriområdet på Ågotnes i Øygarden.
Stig Gjerstad var på veg til jobb då han blei køyrd ned av ein litauisk mann i 20-åra. Bilen hadde høg fart og sjåføren var rusa.
Gjerstad døydde kort tid etter ulykka av skadane han fekk.
No er sjåføren dømt til fengsel i to år for aktlaust drap.
Over 100 km/t i 50-sone
Kvelden før ulykka skjedde mista sjåføren førarkortet i ein fartskontroll ved Lagunen.
I dommen står det at han var sjokkert over dette, og såg på det å drikke alkohol som einaste utveg.
Han var svært lei seg og var saman med ei venninne denne natta.
På morgonkvisten rundt klokka 6 den morgonen ulykka skjedde såg venninna at mannen sette seg bak rattet, sjølv om han var rusa.
Samstundes sykla Stig Gjerstad til jobb ved CCB-basen på Ågotnes.
På dette tidspunktet kom sjåføren i minst 102 km/t i 50-sona.
Nokre få meter før Gjerstad skulle svinge av til arbeidsstaden, skjedde ulykka.
I retten forklarte sjåføren at han ikkje såg syklisten kome imot.
– Grov aktløyse
Retten skriv at mannen kom delvis over i Gjerstad sitt køyrefelt.
Dei slår fast at sjåføren synte grov aktløyse og at det førte til at Gjerstad mista livet.
Føraren vedgjekk straffskuld etter hendinga og då saka var oppe i Hordaland tingrett 1.–3. juni.
I dommen kjem det fram at mannen har bede om orsaking og uttrykt medkjensle med dei etterlatne.
Dei to åra mannen må sone i fengsel er noko mildare enn dei to åra og åtte månadane aktor la ned påstand om.
– Klar for å ta straffa si
Forsvarer Sara Ler Christensen seier til BT at mannen er klar til å ta straffa si.
Den litauiske mannen må betale 420.000 kroner i oppreisingserstatning til familien til Gjerstad.
Han mistar også retten til å køyre førarkortpliktige motorvogn, og må ta ny førarprøve.