Detaljer
Vegard Tjørhom – Afrika-korrespondent : Afrika-korrespondent
Publisert: 15-08-2026 10:36:17
Les på nrk.no

Utsikten til Europa held draumen i live

Eg går ned på stranda i Ceuta der det yrer av liv. Lokalbefolkninga kjenner seg invaderte. Kommentarfelta koker over. For min eigen del får eg ei kjensle av å møte kjentfolk.

Ein ung afrikansk mann står framfor meg på stranda. Med sveitt i panna, sand under beina og panoramautsikt til Europa snakkar han ivrig og mykje.

Han fortel at han heiter Moussa, og det gløder på eit vis frå augo hans medan han snakkar. Synet av Europa gjer han ivrig. Han har reist langt og lenge for å komme seg hit han er no.

Forstår han Europas problem?

Me står på afrikansk jord, men inni havdisen som ligg utanfor stranda kan me begge sjå Europa og den ikoniske klippa Rock of Gibraltar.

Moussa er tydeleg: Han har på ingen måte tenkt å snu. Å reise heim no som han faktisk er framme ved Middelhavet er uaktuelt. Han har jo risikert livet ved å krysse Sahara, og han har aldri vore nærare målet sitt: Europa.

Han fortel at håpet er ei lita inntekt som kan hjelpe både han og familien.

Eg spør om han har forståing for at det er vanskeleg for Europa å ta mot både han og dei tusen andre som står rundt oss. Han har jo sjølv sett kaoset som oppstod i Ceuta, der eg og Moussa altså har møttest på ei strand.

Han svarer at han forstår det er vanskeleg å opne grensene for mange. Men samtidig er ikkje tankane hans på dei dilemma som europeiske politikarar er opptekne av. Hans fokus er på hans eigne problem. Og så lenge det finst håp om ei annleis framtid er han villig til å satse.

Har me møttest tidlegare?

Medan eg og han står der på stranda får eg ei sterk kjensle av at eg har møtt Moussa før.

Var det i dei utbomba gatene i Khartoum eg møtte han? Hovudstaden i Sudan der den dødelege krigen berre held fram, og ingen klarer å stanse dei brutale hærane som drep kvarandre. Den gjennomplyndra byen der dei mektige bryr seg lite om at vanlege folk står i krysselden.

Eller har eg møtt han blant fiskarane langs Senegals kyst. Kanskje er han kompis med den unge fiskaren som eg blei med ut på bølgene. Han og faren var på jobb i familiens vesle fiskebåt. Men dei fekk knapt fisk.

Overfiske utanfor kysten har øydelagd for småfiskarane nærmare land, og europeiske trålarar er blant dei skuldige.

Og nettopp Europa blei eit tema som eg og den unge fiskaren snakka om. For som mange andre unge fiskarar hadde han forsøkt å bli med i ein båt som skulle over til Kanariøyene. Men politiet stansa han.

Fleire av venene hans hadde derimot klart å kome seg til Europa, og dei ringde heim og fortalde at dei på få dagar kunne tene ei senegalesisk månadsløn.

Eller kanskje fyren framfor meg er ein av smågutane som leika utanfor huset mitt då eg for 15 år sidan budde i Mali. Sidan den gong har islamistar slått rot og etnisk vald spreidd seg i både Mali og nabolanda. Mange av dei som er på stranda er frå desse landa i Sahel.

Eller kanskje er han sonen til Aisha frå Darfur i Sudan, som eg møtte i ein flyktningleir i nabolandet Tsjad? Ho fortalde meg om sin store frykt, nemleg at sonen hennar skulle gjere alvor av planen om å legge ut på reisa gjennom ørkenen og havet i nord.

For meg vart samtalen med Aisha ei påminning om at menneske over heile verda har nokre ting fundamentale ting til felles.

Ein mamma eller pappa sin kjærleik til sine barn er noko du finn uansett kor du reiser. Den kjærleiken er umogleg å forklare, og den kan framkalle både dei verste og beste kjenslene som eit menneske kan føle - på ei og same tid.

Og sjølv om Moussa neppe er sonen til Aisha, så har også han nokon som er glad i han, og som tenker på han dagleg. Og han er glad i dei også, for det er jo også for deira skuld at han har teke risikoen det er å reise til Europa.

Dei stangar hovudet mot ein vegg

Eg har sjølvsagt aldri møtt Moussa før, men han og dei andre på stranda i Ceuta minner meg altså på desse menneska som eg har møtt lengre sør i Afrika.

Eg veit kva lokalsamfunn dei unge mennene reiser frå. Det kan vere idylliske og trygge stader, men samtidig også vanskelege og urettferdige.

Arbeidsløysa er til tider enorm, og framtidsutsiktene er dårlege. Får du deg ein jobb er løna minimal og arbeidsdagane som oftast lange og harde.

I nokre afrikanske land kan du vere så talentfull og skuleflink som berre det, men dei beste karakterane går kanskje uansett til dei som kan betale sensor. Og den aller første jobben, som skal gje deg erfaringar som du kan putte på CV-en seinare, den kan du risikere å måtte betale for å få.

Å klage til politikarar eller til media er håplaust, for dei med makta kontrollerer uansett det meste. Fattigdom går i arv, og for mange kjennest det som at dei stangar hovudet i verdas hardaste vegg.

Denne korrupsjonen skjer ikkje i alle afrikanske land, men likevel i stor nok grad til at slike historier er blitt vanlege å høyre i dei landa der fattigdommen og ulikskapen er størst.

Til slutt kan det å reise mot Europa framstå som det beste av mange dårlege alternativ. Spesielt for unge menn, som ofte er vaksne opp med eit ansvar for småsysken og familien, men som kjenner at dei ikkje klarer å brødfø seg sjølv og andre om dei ikkje reiser.

Heim på eit charterfly

Historisk sett er dette ingen unik historie. For hundre år sidan drog nordmenn til Amerika i håp om å skaffe seg jobb og inntekt. Det var før både olje, laks og vasskraftutbygging.

I Europa har me på kort tid klart å bygge gode samfunn, der rikdommen blir relativt godt fordelt. Det er få afrikanske land som har klart det same. Grunnane til det er mange, og til dels kompliserte.

Uansett, så er realiteten i dag slik at ein stadig større afrikansk ungdomsgenerasjon ser på Europa på same måte som brørne til min farfar såg på Amerika.

Men verda har endra seg, og dører som tidlegare stod opne er for lengst lukka. Og det er det grunner til.

For Moussa stansa reisa der i Ceuta, kor han no skal søke om asyl i håp om å sleppe over Gibraltarstredet.

Kontrasten til mitt eige liv er absurd. Eg kunne berre ta båten over til Europa, køyre bil til Malaga, og kjøpe meg plass i eit av dei siste seta på eit fullt charterfly frå Malaga til Torp.

Og medan eg sit der blant solbrune barnefamiliar og norske pensjonistar tenker eg stort sett berre på ein ting: Eg skulle så gjerne ønske at verda var enklare enn den er.