Detaljer
Vegard Tjørhom – Afrika-korrespondent : Afrika-korrespondent
Publisert: 17-06-2026 06:42:52
Oppdatert: 17-06-2026 07:17:11
Les på nrk.no

Khartoums dødelege familiepark blir rydda

Mange i Sudan har barndomsminne frå familieparken som under krigen er gjort om til eit minefelt. NRK besøkte parken som blir prioritert i den omfattande mineryddingsjobben som er i gang.

Det er tidleg på morgonen, men mineryddarane er likevel snart ferdige med første skift. For sola steiker såpass hardt i nakken at sjølv fullblods sudanarar må ta seg lang pause midt på dagen.

Dei er kledde i blå vernedrakter og har eit tjukt pleksiglas hengande framfor ansiktet. Centimeter for centimeter kryp dei seg framover på knea.

Sjølv om arbeidet held på i skuggen er det likevel 44 varmegrader. Innanfor vernedrakta er det endå varmare.

Hussein Ismail Salam er leiar i ei av mineryddingsgruppene i Khartoum og viser NRK rundt.

– Nokre stader må me gå sakte fram, og det trengst fleire tryggingstiltak. Eg kan gjette på at heile jobben vil ta meir enn ti år.

– Ja, for det går veldig sakte?

– Ja, me må sette tryggleiken først. Dei som leiter må vere trygge, og dei må gjere det grundig. Fordi me gjer det for folket.

Minelagd barndomsparadis

Mineryddarane som er i akkurat denne parken har fått unnagjort ein del, og håper at dei er ferdige og klare for andre oppdrag ved utgangen av juni.

Målet er at barn, småbarnsforeldre og unge nyforelska par snart kan legge turen hit igjen. Slik det var før krigen.

Me er i ein overgrodd fornøyelsespark som ligg ved punktet der «Den blå nil» og «Den kvite nil» møtest og endrar namn til «Nilen».

Al Mogran er kjent som ein grøn og hyggeleg park for småbarnsfamiliar. Dei fleste i Khartoum har eit forhold til denne staden. No er denne oasen omgjort til eit minefelt.

– Eg hugsar då me var barn, så kom me hit for å leike, seier Salam, og dei fleste rundt han gir uttrykk for at dei har dei same minna.

Mange av Khartoums folk har vore her for å kjøpe brus i det som no er ein utbrent kiosk, dei har bada i det knusktørre bassenget og blitt småkvalm i den rustne karusellen.

Eller dei har vore her som ungdom og lytta til musikarar oppå scenen med det øydelagde golvet, eller dei har ete middag i solnedgangen på den gjengrodde restauranten.

– Borna mine spør meg: Far, me ønsker å dra til parken. Jobbar du framleis der? Og eg fortel dei at me veldig snart er ferdig, og at eg skal ta dei med dit, seier Salam med eit smil.

70 prosent av byen må sjekkast

Sudan er framleis ramma av krig, men i hovudstaden Khartoum er det blitt fredelegare enn det var før. Den sudanske hæren har kontroll og forsøker å få folk tilbake for å bidra til å få kvardagen tilbake.

Og mange har vendt heim att. Ein reknar med at 1,8 millionar av dei rundt ni millionane som levde i hovudstadsregionen har kome heim att.

Men er det eigentleg så trygt for dei?

Mineryddinga handlar om å redde liv, men også om å bidra til å gjenvinne kvardagen ein så gjerne ønsker seg i Khartoum. Men det vil ta tid. Byen er enorm, og oppryddinga har eigentleg berre så vidt starta.

– Det er veldig tøft. Meir enn 70 prosent av byen må sjekkast for miner. Me må informere folk om dette. Folk ønsker å komme tilbake, men mange av husa kan ha eksplosiv på innsida. Også er det ikkje mange som er her for å hjelpe til med informasjonsspreiing. Me treng fleire som hjelper oss med det, seier mineryddar Salam.

Mineryddarane i den lokale organisasjonen Jasmar får støtte frå Sudan Humanitarian Fund, eit fond som FN organiserer, med Noreg som ein av dei største bidragsytarane.

Berre i Al-Mogran-parken har Jasmar og samarbeidspartnarane frå Danske Flyktninghjelpen funne 12.000 bitar av delar frå eksplosiv, og 164 farlege gjenstandar er ufarleggjorde.

Parken er ekstra utsett fordi den var på frontlinja i krigen, og RSF plasserte ut miner for å gjere det farleg for fienden å nærme seg.

Fleire dødsfall heilt inntil nyleg

Og RSF sin fiende, SAF – den sudanske hæren – er dei som no styrer i Khartoum. Dei påstår at mange titusen eksplosiv allereie er funne rundt om i byen.

Det var i fleire år urban krigføring i Khartoum, som utgjorde sentrum av den brutale krigen i Sudan. RSF-militsen kontrollerte ein del, den sudanske hæren ein annan del.

For eit år sidan gjekk det ei jubelbølge gjennom byen, då den sudanske hæren vann kontrollen over hovudstaden. RSF vart jaga ut, og dei har etterlate seg utbomba, gjennomplyndra og minelagde nabolag.

For kvar gule stolpe er det rydda ei mine, seier Salam.

Han peiker bortover langs stien som går heilt i utkanten av fornøyelsesparken. Der står det rundt ti stolpar, målte i gult. Dei står rake, som bevis på at innsatsen til mineryddarane er livsviktig.

Men udetonerte eksplosiv har allereie klart å ta fleire liv etter at freden kom til byen. Minefaren i Al-Mugran-parken vart kjent då to SAF-soldatar utløyste ei mine utan å vite det.

Det har vore fleire ulykker. Berre førre månad var det meir enn fem-seks ulukker. Og dei fleste er unge under 16 år, fordi dei veit for lite om faren.

I tillegg til å leite etter miner driv organisasjonane på med å snakke om farane i radioprogram, podkastar og på marknader. Det blir også sendt ut tekstmeldingar for å få folk til å forstå at dei må vere forsiktige når dei beveger seg rundt i byen.

I mai i år sa FN sin mineryddingsorganisasjon UNMAS at det så langt i år er 25 sudanarar som er døde og 52 som er skadde av miner og udetonerte eksplosiv. Dei trur mørketala er store.

«Pip-pip-pip», seier søkaren som sakte blir ført fram og tilbake. Mineryddaren sit på knea og lener seg framover.

Om det ikkje blir noko utslag kan han flytte den raude pinnen som ligg framfor han eit lite hakk framover. Dermed er nok ein halvmeter av Khartoum sikra for miner.