Naveed Akram (24) og faren hans Sajid Akram (50) står bak det antisemittiske terrorangrepet i Sydney, skriv australske medium som kringkastaren ABC.
Anonyme politikjelder skal ha stadfesta dette overfor australske medium.
Søndag blei minst 15 personar drepne i det som blir omtalt som eit av dei verste terrorangrepa på australsk jord.
Australia sin statsminister Anthony Albanese hevdar at gjerningspersonane handla aleine. Han opplyser at politiet ikkje etterforskar fleire personar.
– Det er ikkje noko bevis for samarbeid, ingen bevis for at desse personane var del av ei celle, seier Albanese på ein pressekonferanse, skriv BBC.
Gjerningspersonane skal vere «motivert av ekstremistisk ideologi», hevdar Albanese.
Ifølgje australsk politi er det gjort funn av IS-flagg og sprengstoff i bilen til gjerningspersonane, skriv Reuters.
I eit utsegn måndag seier statsministeren av gjerningspersonane kan verke å vere motivert av islamistisk ideologi, skriv AFP.
Statsministeren opplyser også at Naveed Akram blei etterforska i seks månadar i 2019, på grunn av si tilknyting til to personar som seinare blei fengsla.
Etterforskinga fann ikkje noko bevis for at 24-åringen planla eller vurderte valdshandlingar eller antisemittisme, ifølge Albanese.
På ein pressekonferanse seier politiet at dei gjerningspersonane drog til Filippinane i førre månad. Turen er no under etterforsking.
Politiet har ikkje identifisert skyttarane
Politiet har vore atterhaldne med informasjon om gjerningspersonane. Dei har førebels ikkje formelt bekrefta kven som står bak angrepet.
– Vi går grundig gjennom bakgrunnen til begge personane. På dette stadiet veit vi veldig lite om dei, sa politimeister i New South Wales Mal Lanyon.
Den eldste gjerningspersonen blei skoten og drepen av politiet på staden.
Den yngste blei sendt til sjukehus etter at han blei skoten av politiet. Han låg i koma i to dagar, men blei medviten att tysdag, skriv The Sydney Morning Herald som siterer politiet.
Han er under oppsyn av politiet medan han får behandling på sjukehuset. Politiet har sagt tidlegare at dei vil ta ut ei tiltale mot han når han er skriven ut av sjukehuset.
Skal ha fortald familien at dei skulle på fisketur
Det var lite som tyda på at Sajid og Naveed gjorde seg klare til eit terrorangrep, ifølge familien si forklaring til politiet.
Naveed skal ha vore ein roleg og pliktoppfyllande ung mann, skildra mora, Verena, til politiet.
Ifølge The Sydney Morning Herald, skal Naveed og faren ha fortalt familien at dei i helga skulle på fisketur i Jervis Bay, på den sørlege kysten av New South Wales.
Det sa mora til den 24 år gamle gjerningspersonen til politiet, då dei omringa familieheimen deira i Bonnyrigg i Sydney.
Myndigheitene trur på den andre sida at Naveed oppheldt seg i ei leigeleiligheit saman med far sin for å planlegge angrepet, skriv AFP.
Verena klarte ikkje å identifisere sonen hennar på eit bilete og sa at ho har vanskeleg for å tru at han var del av angrepet.
– Han har ikkje våpen. Han går ikkje ut. Han omgår ikkje venner. Han drikk ikkje, røyker ikkje og han er ikkje på farlege stader, sa mor Verena.
– Kven som helst ville ha håpa på ein son som han ... Han er ein god gut.
Tidlegare lærar fordømer angrepet
Eit bilete av Naveed posere med ein islamsk lærar ved Al-Murad Institute har sirkulert på sosiale medium.
Læraren, Adam Ismail, seier at han ikkje har hatt kontakt med Akram på fleire år, men at Akram oppsøkte senteret i slutten av 2019 for å få undervisning i koranresitasjon og arabisk.
Ismail understrekar til australsk medium at han ikkje hadde noko med angrepet å gjere.
– Eg fordømer denne valdshandlinga, seier han.
Skal ha brukt hagle
Angrepet var målretta mot folk som feira den jødiske høgtida hanukka, seier lokalt politi.
På stranda Bondi hadde mange samla seg.
15 offer blei drepne i angrepet.
Blant dei var 10 år gamle Matilda, skriv ABC i ei oversikt over alle dei drepne.
Alexander Kleytman (87), som overlevde holocaust, blei det eldste offeret i terrorangrepet.
Innanriksminister i Australia, Tony Burke, sa at gjerningspersonen Sajid kom til landet som student i 1998. Sonen hans er fødd og oppvaksen i Australia.
Søndag kalla Albanese terrorangrepet for ei «vond handling av antisemittisme og terror».
På videoar frå hendinga ser det ut til at det blei brukt ei boltrifle og ei hagle i angrepet. Politiet har ikkje stadfesta dette.
40 personar har blitt frakta til sjukehus etter angrepet. To av dei skadde er politibetjentar. Tilstanden skal vere alvorleg, men stabil.
Måndag er det lange køar utanfor ein blodbank i Sydney. Nokre har stått i kø i to timar, melder nyhendebyrået Reuters.
– Det er det minste vi kan gjere for å hjelpe, seier éi av dei som står i køen.
Interessert i det som skjer i verda? Følg utanriksredaksjonen sin podkast her: