Laurdag 13. desember blei Marita Løfshus Haugen (35) funnen drepen utandørs på Løkken Verk i Orkland kommune i Trøndelag.
Like etter ho blei funnen, arresterte politiet Jørn Andersen og siktet han for drapet.
No er saka etterforska og politiet foreslår at Andersen skal bli tiltalt for drap.
Det opplyser politiadvokat Aleksander Tokle til NRK.
Sjølv om saka er ferdig etterforska har Andersen ikkje forklart seg for politiet. Han ønsker heller ikkje å kommentere saka til NRK.
– Ingen kommentar, seier Andersen sin forsvarar, Fredrik Brodwall.
Drepen med machete
Politiet meiner Haugen blei drepen med fleire stikk frå ein machete.
– Macheten blei funnen dagen deretter, i terrenget på Bjørnli.
Det seier politiadvokat Aleksander Tokle.
Politiet har undersøkt drapsvåpenet og meiner macheten tilhøyrer Andersen.
Det var Adresseavisen som omtalte drapsvåpenet først.
Politiet har sendt saka til statsadvokaten for påtaleavgjersle.
– Mitt forslag til statsadvokaten er at han blir tiltalen for drap og eg foreslår også at ein må vurdere om det er rett med forvaring, seier Tokle.
Statsadvokat Per Morten Schjetne, seier at han har registrert at dei har fått inn saka.
Men han kan ikkje seie noko om når ein eventuell tiltale vil vere klar.
– Det kan eg ikkje seie noko om. Saka skal uansett først til riksadvokaten, det er det som er saksgangen no.
Andersen sit varetektsfengsla til 29. juni og politiadvokaten vil be om at han blir halden i varetekt fram til saka skal gå for retten, truleg i slutten av august.
Kasta snø over avdøde
Politiet seier det verkar som avdøde var forsøkt dekka til av snø.
– Det var kasta snø over deler av kroppen. Nokon har kasta snø over kroppen då ho blei liggande der og vi meiner det er sikta, seier politiadvokaten før han held fram:
– Om hensikta med det var å gøyme avdøde, veit vi ikkje.
Tokle seier at Haugen var påført både stump vald og skarp vald.
– Gjerningstidspunktet var rundt klokka 20, fortel han.
Tungt og belastande for familien
Laila Afelad, som er bistandsadvokat til dei etterlatne etter Haugen, seier at dei opplever saka som svært tung og belastande.
– Kvar ny utvikling i saka inneber at dei på nytt må forhalde seg til tapet av Marita, noko som er særleg krevjande. Samstundes er familien tilfreds med at saka no har hatt ein ny utvikling, og at politiet har ferdigstilt etterforskinga og oversendt sin innstilling til statsadvokaten.
Afelad seier at det er viktig for dei etterlatne at saka går vidare i rettssystemet, slik at dei kan få ein avklaring.
Når det gjeld opplysningane om drapsvåpenet, så veit familien om det. Dei vil ikkje gå nærmare i detaljane, men understrekar at handlinga verkar svært brutal og grufull.
Tidlegare dømd for drap
6. november 1999 blei 16 år gamle Linn Charlott Nesblom, drepen av Jørn Andersen.
Andersen som då var 28 år, blei i 2000 dømd til 15 år i fengsel for overlagt drap.
Sjølv sa han seg ikkje straffskuldig for drapet.
Medan han sona dommen for drapet utøvde han grov vald mot ei anna tidlegare kjærast, under prøvelauslatingar.
Difor blei han i 2011 dømd til 4 år og seks månader forvaring for grov vald og trugslar mot ekskjærasten.
I 2015 blei han lauslaten på prøve, men påtalemakta ville forlenge forvaringsdommen.
Tingretten meinte han måtte haldast i forvaring fordi faren for nye straffbare handlingar var for høg, trass i positiv utvikling.
Men etter ei anke til lagmannsretten slapp Andersen ut frå fengsel eit år seinare, i 2016.
Det blei også gjort ei risikovurdering av ein psykologspesialist og lagmannsretten la vekt på at faren for ny vald frå Andersen var låg eller moderat.