Detaljer
Fredrik Solbu Jullumstrø – Journalist i Ratingen, Tyskland : Journalist i Ratingen, Tyskland
Fredrik Kårstad Lilleaasen – Journalist : Journalist
Publisert: 27-06-2026 11:19:08
Oppdatert: 27-06-2026 03:49:21
Les på nrk.no

Skotheim-nedtur i comebacket: Bryt etter skadetrøbbel

Mangekjempar Sander Skotheim er tilbake etter månader med skade. I comebacket ble det slutt etter berre fire øvingar.

VM i Tokyo var sist Sander Skotheim konkurrert i mangekamp. Meisterskapen enda med diskvalifikasjon etter at han reiv ein hekk på 110 meter hekk på ulovleg vis.

I januar rauk han eit ligament nedst i foten, som har halde han på sidelinja i fem månader. Alternativ trening har stått på menyen i vekevis. No er han skadefri, og i helga gjorde han comeback i tyske Ratingen.

– Eg er veldig klar. No er det fem månader sidan eg opererte, så eg er ganske happy. Det ser lovande ut, sa Sander Skotheim til NRK før konkurransen.

Skadetrøbbel – igjen: – Usikker på om eg fortset

I den fjerde øvinga i tikampen, høgde, blei det tidleg stopp for Skotheim.

Skotheim hoppa to forsøk på 1,91 meter.

Han reiv på det første, men kom over lista og fekk det andre forsøket godkjent på 723 poeng, og er no oppe på 3221 poeng totalt.

Det vart med dei to forsøka, og Skotheim har igjen fått problem med foten.

– Det er i same ankel som eg har operert, men ikkje der eg har operert, så det er jo greitt, fortel han til NRK.

– Eg er usikker på om eg fortset. Det er framleis to timar til 400. Det er femti-femti om eg stiller eller ikkje. Me får sjå litt korleis ankelen er.

Kort tid seinare bekreftar far Rolf, at Sander Skotheim gir seg, og ikkje stiller i dei resteranda øvingane.

Under tikampen i Tyskland opna han med å springe 100-meteren på 10.94, tilsvarande 874 poeng. Det er 50 poeng bak rekordløpet frå i fjor. Heller ikkje lengdehopp (7.32 meter) og kulestøyt (14.07 meter) nådde opp til fjorårets prestasjonar.

– Det er bra læring. Resultata skulle eg ønske var betre, men det er ein fin byggestein fram mot EM. Så det er heilt greitt, sa Skotheim til NRK etter dei tre første øvingane.

Temperaturen, som ligg på rundt 37 grader, har vore med på å prege dagen.

Draumegrensa

Planen til 24-åringen er å gå tre mangekampar i løpet av sesongen. I kjent stil siktar han høgt. I august er det EM i Birmingham.

– Målet for året er lett. Det er å vinne EM. Enkelt og greitt, fortel Skotheim.

Under eit stemne i austerrikske Götzis i fjor gjekk Skotheim 8909 poeng. Det er gjeldande noregsrekord og poengsummen plasserte han samtidig på ein delt sjuandeplass gjennom tidene.

No vil han bryte det han kallar draumegrensa, som berre ei handfull andre utøvarar har klart før han.

– Får ein 9000 poeng, er ein liksom på det høgaste nivået. Det er berre fire stykk som har klart det tidlegare, så det er ei ordentleg draumegrense i tikamp, seier han.

– Om eg klarer å finne tilbake til den forma eg hadde før Götzis, så er 9000 poeng absolutt mogleg i løpet av sesongen.

– Eksklusiv klubb

NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal meiner Skotheim sitt mål viser ein utøvar i form.

– Det synest eg er utruleg artig å høyre at han seier, fordi at det betyr at han har behalde ambisjonsnivået sitt og at han sannsynlegvis då har kontroll på den her skadesituasjonen.

– Når han siktar mot draumegrensa på 9000 poeng, så tyder det på at han er heilt i orden igjen etter skaden. Det er eit krevjande og ambisiøst mål, men med det han viste i fjor så var han absolutt på veg til å komme dit, seier Rodal.

– Det tar han i så fall inn i ein veldig eksklusiv klubb om han klarer 9000 poeng, og det i seg sjølv seier noko om nivået når det berre er fire som har gjort det før han.

Rodal er imponert over korleis Skotheim har takla det siste årets motgang med både skade og diskvalifikasjon i VM.

– Eg sa det då han tusla ut av VM-stadion i Tokyo, lynforbanna og med eit visst aggresjonsnivå, etter å ha nulla på hekk og blei diska der. At er det éin utøvar som klarar å bruke det her konstruktivt og til å forsterke motivasjonen inn i ein ny sesong, så er det nettopp han.

– Så tenker eg at vi er heldige i Noreg som har to svært gode tikjemparar. Ein er altså olympisk meister, og den andre er verdsmeister og europameister innandørs, og begge er i stand til å utfordre Kevin Mayer sin verdsrekord, avsluttar Rodal.

Olympisk meister Markus Rooth skal ikkje delta i helgas stemne i Ratingen.

Vil bli historisk

Om ein legg saman alle personlege rekordane Skotheim har i kvar øving i tikamp, er totalsummen godt over verdsrekorden i mangekamp. Utfordringa er å sette saman 10 gode øvingar i ein og same konkurranse.

– Det er så å seie umogleg, men ein kan sette saman 8–9 gode øvingar, seier han.

Men om han klarer å sette saman den perfekte konkurransen ein eller annan gong, trur Skotheim hans namn vil stå i gullskrift i mangekamp-samanheng.

– I historisk samanheng har eg lyst til å bli den beste som har drive med tikamp nokon gong. Så det betyr jo at eg har lyst til å vinne alt. Eg har lyst til å ha verdsrekorden når eg legg opp ein gong, avsluttar han.