– Eg gler meg og trur det blir spanande. Alltid kjekt å få oppleve meisterskap, sjølv om det er på ein litt annan måte enn eg har gjort tidlegare, seier 39-åringen til NRK.
Herrem sitt første meisterskap som ekspert for NRK blir alt under EM i desember, der dei norske kvinnene skal forsvare gullet Herrem sjølv var med å vinne.
Kontrakten med handballprofilen varer ut 2028, som inkluderer OL i Los Angeles.
– Det freistar ganske mykje å få lov til og oppleve OL igjen, sjølv om det blir på den andre sida. Då har eg opplevd det frå begge sider, så det er sjølvsagt noko som freistar ekstra mykje. Det er ikkje til å legge skjul på det, fortel Herrem.
Ho tok gull med handballkvinnene i OL i Paris for to år sidan og har også gull frå leikane i London i 2012.
Porteføljeleiar i NRK Sport, Arild Andersen, er glad for å ha signert ein av Noregs største handballprofilar.
– Camilla Herrem har vore ein av dei aller største, og best likte, profilane i norsk handball over mange år, og vi synest det er strålande at ho ønskjer å vere ei viktig brikke i NRK-laget.
Var førstevalet for NRK
Sola-spelaren har erfaring som ekspert for Viaplay under EM for fire år sidan, då ho var gravid med sin yngste son Noha.
Førebels har ho ikkje avslørt si nye rolle til tidlegare lagvenninne, men trur det blir uproblematisk å møte dei att på andre sida av mikrofonen.
– No er det fleire enn meg i den rolla, så det trur eg kjem til å gå heilt fint, svarar Herrem og siktar mellom annan til mangeårig landslagskollega Stine Oftedal Dahmke som har vore ekspert for Viaplay etter at ho la opp.
Andersen peikar på Herrem si erfaring både frå landslag og frå internasjonalt og nasjonalt toppnivå gjennom mange år.
– Ho var førstevalet vårt i ekspertrolla når vi skal følgje kvinnelandslaget fram mot – og ikkje minst under – det store høgdepunktet OL i Los Angeles 2028. Vi føler oss trygge på at ho vil gje publikummet til NRK unik innsikt, solid fagkunnskap og stort engasjement i handballdekninga vår, og gler oss til å starte samarbeidet med Camilla, fortel Andersen.
– Eg har litt å komme med når det gjeld korleis man førebur seg til kamp og korleis rutinane er før kamp. Òg så kjenner eg jo mange av spelarane, understrekar Herrem.
Fekk brystkreft
For eit år sidan stod Camilla Herrem fram og fortalde at ho hadde fått brystkreft.
– For tre og ei halv veke sidan kjende eg ein kul i brystet. Kanskje på storleik med ei ert. Då tenkte eg at dette er noko eg bør sjekke ut, fortalde Herrem i ein video på Instagram.
Herrem har blitt hylla for sin openheit kring sjukdommen, men imponerte også nok ein gong på bana. Alt i august same året var ho tilbake på handballbana, fem dagar etter den siste kraftige cellegiftkuren.
Solas kantspelar scora fire mål mot Oppsal i comebacket.
På idrettsgallaen i januar blei ho kåra til «Årets forbilde». I mars i år kunne 39-åringen kunngjere at ho var kreftfri.
Herrem har eit år att av kontrakten i Sola, som tok gull i årets eliteserie.
– Eg håpar vi klarar å gjenskape litt det som var i år til neste år. Så får jo sjå kva tida viser etter den tid. Man blir ikkje akkurat yngre, sjølv om man trur det. Og det skjer jo andre ting etter handballkarrieren og, så det skal ein tenke litt på, seier Herrem om framtida.
Mestvinnande norske spelaren
20 år er gått sidan Herrem debuterte på det norske landslaget. 5. april 2006 var Sverige motstandar og den 19 år gamle unge Camilla scora tre mål. Det skulle bli 332 kampar med flagget på brystet og 951 mål før ho etter EM-gullet i Wien i 2024 annonserte at karrieren på landslaget var over.
– Valet er for meg sjølv og gutane mine. Eg gleder meg til å få meir tid med dei. Eg er fornøgd med den reisa eg har hatt, og eg føler det er på tide å legge drakta på hylla, sa Herrem til NRK etter EM-finalen i 2024.
Med sine elleve gull, tre sølv og tre bronse frå internasjonale meisterskap er ho den nest mestvinnande handballspelaren i Noreg. Sola-spelaren har også vore på «All Star-laget» i fire internasjonale meisterskap.