– Eg meiner at dei i aller verste fall risikerer å tisse i buksa for å halde varmen.
Slik reagerer Viaplay sin fotballekspert Lars Tjærnås på utsegnene Maresca kom med om City si norske superstjerne på pressekonferansen på måndag før meisterligakampen på tysdag mot AEK Aten.
Erling Braut Haaland fekk seg ein smell i 3–2-sigeren laurdag, der han skåra to av City sine mål.
Skaden kom heile ti minutt på overtid. Tjærnås var straks tydeleg på at Haaland burde vore teken av banen for lenge sidan då han vart skadd, fordi den totale kampbelastninga er for stor.
Då Enzo Maresca måndag møtte pressa, var status på Haaland sin skade det første han vart spurd om.
– Han kan vere tilgjengeleg, vi får sjå. Vi har ei trening no, vi har ein viss tvil etter kampen laurdag. Han var betre i går, så vi får sjå, sa han.
«Kvifor må vi tenkje på ein annan?»
Så vart Maresca spurd om det er aktuelt å spare spelarar i meisterligakampen tysdag mot, på papiret, relativt overkommeleg motstand.
– Det er ein stor kamp for oss i morgon. Det er meisterliga, og diverre tapte vi sist gong. Så vi treng å vinne. Og då vil vi prøve å vinne kampen med dei beste spelarane våre, svarte han til det.
Maresca stadfesta vidare at Antoine Semenyo ville ha vore den mest aktuelle til å erstatte Haaland.
Problemet er berre at også Semenyo vart skadd i kampen laurdag. Ifølgje Maresca er han ute i rundt åtte veker.
Då pressa ville vite kven som då er moglege Haaland-erstattarar, svarte han:
– Vi får sjå. Akkurat no er det Erling. Kvifor må vi tenkje på ein annan niar når Erling er der? Når noko skjer og vi treng ein annan niar, får vi sjå.
Åtvarar mot «Svarteper»
Sjølv om Haaland har fått seg ein smell, sit det langt inne for City-manageren å gje han ein pause.
Lite tyder på at landslagssjef Ståle Solbakken kan rekne med at det er ein utkvilt Haaland som møter opp til dei viktige nasjonsligakampane mot Wales (14. november) og Danmark (17. november).
Både Lars Tjærnås og NRK sin fotballekspert Kristoffer Løkberg reagerer på signala, og peikar på at Manchester City sjølv kan verte skadelidande.
– Om dei ikkje klarar å finne dei rette kampane å la Haaland kvile i no, vil dei sitje att med Svarteper utover i sesongen. Om dei kjenner på vanskar med å gjere det heime mot AEK Aten, då lurer eg på når den mannen skal få seg ein pustepause, seier Løkberg.
– Ikkje berekraftig
Det er det same Tjærnås siktar til når han snakkar om å «tisse i buksa for å halde varmen».
– Det er klinkande umogleg å sjå for seg ein frisk og utkvilt Haaland når sesongen verkeleg skal avgjerast utan at Maresca tek naudsynte grep no, slår han fast.
Begge peikar på at det store problemet er mangelen på spissar i City-troppen.
– Då dei lét Omar Marmoush gå til Tottenham i sommar, overlét dei om lag alt ansvar til Erling Braut Haaland. Semenyo har nok vore plan B, no ryk han også ei god stund, seier Løkberg, og legg til:
– Eg forstår at det kan ha vore vanskeleg å finne nokon som aksepterer å spele andrefiolin bak den beste spissen i verda, men å berre ha éin rein spiss i stallen med det programmet City skal ha, er jo ufatteleg svakt.
– Det var ikkje berekraftig å gå inn i sesongen med berre eitt nummer 9, og det er endå mindre berekraftig no med Semenyo ute som eit alternativ, legg Tjærnås til.
Pøsar inn mål
Samstundes har ekspertane forståing for at Maresca brukar Haaland mykje.
– For han veit at hans eigen jobb vert evaluert etter eitt kriterium; å vinne mange nok kampar, seier Tjærnås.
Sesongstarten har vist kor viktig Haaland er. I ligaen har han skåra åtte mål. Det har bidrege til sju sigrar på sju kampar.
I Meisterligaen står Haaland bak alle dei fire City-måla på dei to første kampane.
NRK har vore i kontakt med landslagslege Ola Sand, som ikkje vil seie noko om Haaland sin skade.
– Erling er i City no, så ingen kommentar, skriv han i ei tekstmelding.