Detaljer
Martine Sørhus – Journalist : Journalist
Sindre Espe – Journalist : Journalist
Publisert: 20-10-2026 06:00:37
Les på nrk.no

Svindal får ny trenarjobb: – Ting var veldig lite planlagd

Tidlegare alpinstjerne Aksel Lund Svindal går inn i ei ny trenarrolle på det norske alpinlandslaget.

– Sjølv om eg har hatt mykje kontakt med landslaget, så har det skjedd mykje sidan eg køyrde sjølv. Det byrjar å bli nokre år sidan, seier Svindal til NRK.

Svindal er den mestvinnande norske alpinisten i verdscupen gjennom tidene, med heile 36 sigrar. I tillegg har han to OL-gull og fem VM-gull. Han la opp etter VM i Åre i 2019.

No gjer 43-åringen «comeback» på det norske landslaget – denne gongen som trenar.

– Det er kjempenyheiter! Aksel er ein enorm skapnad i norsk alpinsport som har vunne meir enn nokon andre. Han har mykje å tilføre laget, så det kan vi berre glede oss til, seier NRKs alpinekspert Lars Elton Myhre.

Ein tydeleg førespurnad frå utøvarar og trenarar på teknikklaget tidlegare i år fekk Svindal endå meir på glid, etter mange år i dialog med forbundet.

– Dei var litt meir konkrete enn eg har høyrt før, så då syntest eg det høyrdest spennande ut, seier Svindal.

– Eg har vore på eit slikt lag i mange år, så litt erfaring er sikkert ikkje så dumt.

Korleis han får brukt erfaringa, står att å sjå.

– Ikkje uroleg

I OL-sesongen i fjor fekk han seg god trenarerfaring, då han var ein av trenarane til Lindsey Vonn. Etter at dei avslutta samarbeidet i april 2026, kunne han då sjå tilbake på sju pallplassar i Vonns comebackår.

– Heile det prosjektet var imponerande. No veit vi alle korleis det enda i OL, men Lindsey kom tilbake og blei best i verda igjen. Det stod eit heilt team bak, men Aksel var utvilsamt ei viktig brikke, seier Myhre.

Men akkurat kva som blir rolla til Svindal i det norske laget, utover at han går inn som trenar, er framleis noko usikkert. Det einaste han veit, er at moglegheita måtte gripast.

– Ting var veldig lite planlagt, heldt eg på å seie – eller, det høyrest litt uproft ut, men det var ein del avgjerder som ikkje var tekne. Og så var konklusjonen min at den einaste avgjerda eg er sikker på, er at det er betre å reise til Austerrike no enn å sitje i Oslo, seier Svindal.

For akkurat no er han i Sölden, der utøvarane til helga skal starte sesongen. Han skal ikkje reise like mykje som før, men følte at det no var praktisk mogleg å seie ja til den nye jobben.

– Det er trenarane som er her heile tida, det er dei som er viktige. Men om eg kan ha nok kunnskap om både utøvarane og trenarane og korleis ting fungerer til å så kunne vere med og bidra litt, så tenkjer eg at det er litt morosamt, seier han.

Resten trur han går seg til undervegs.

– Det som vi må finne ut av, praktisk og rundt logistikk og ting, det kan vi ta undervegs, men det er i alle fall ein god start å kome ned her og vere der det skjer. Eg er ikkje noko uroleg for det, seier Svindal.

– Det her er ei moglegheit, og den moglegheita får vi prøve å gripe på best mogleg måte, og så får vi sjå kva det blir ut av det. Eg trur det er ei god tilnærming å ha litt ... Ikkje vere avslappa, men sjå på det som ei moglegheit og ikkje noko som må vere anten slik eller slik, men heller at det er ei moglegheit til å prøve å vere med litt der kanskje bidraget kan fungere best.

I første omgang skal han jobbe mest inn mot teknikklaget, altså slalåm- og storslalåmkøyrarane.

Svindal føler også sterkt med Kilde, som skada seg på trening førre veke:

– Fekk beskjed om å stoppe

Men ikkje alt er som det var på landslaget. Det byrjar jo å bli nokre år sidan han var der sist.

– Det er veldig annleis. Atle (Lie McGrath) er den einaste eg kjenner at eg kjenner litt. Dei andre har eg helsa på, men eg kjenner dei ikkje ordentleg. Det er stor forskjell på dynamikken slik sett, seier han.

– Det er rart med det, men no er vel stort sett alle trenarane yngre enn det eg er, så det er ei endring der òg.

Sjølv om det er mange nye fjes, har han blitt godt teken imot. Allereie første dagen tok ei av dei noverande største stjernene på laget, Atle Lie McGrath, grep for å samle gjengen med Svindal.

– Atle tok initiativ til eit møte første dagen. Det skulle berre vere ein kjapp intro, men det varte heilt til vi fekk beskjed om å stoppe og vi måtte gå på møte med trenarane, seier Svindal.

20 minutt blei til ein time, og Svindal fekk ein god start med landslaget – både med kjende og ukjende fjes.

– God dynamikk og ingen som sit og ser i golvet. Det var gode diskusjonar, så det var ein kul start, seier han.

Også sportssjef for alpinistane Claus Ryste er fornøgd med rekrutteringa.

– Eg trur det blir veldig bra. Aksel er sterk analytisk, han har vist det som utøvar og som trenar for Lindsey (Vonn). Både med erfaringa han har som absolutt topputøvar og no litt trenarerfaring, så trur eg det blir veldig bra inn i laget vårt. Veldig glad for at vi har fått til det. Det engasjementet og iveren frå det aktive til no, og at han kjem inn og bidreg til den nye generasjonen, er noko vi set pris på, seier Ryste til NRK.