Kommunen er kjent for vintersportstaden Hovden, men har også store villreinområde.
Departementet jobbar no med ein tiltaksplan for villrein og det er i den samanheng at kommunen varslar stans i hyttebygging.
– Det er veldig inngripande. Vi kan berre sei til byggenæringa at dei kan pakke ned og meld seg på Nav, seier ordførar Hans Blattmann (Ap) til NRK.
NRK har vore i kontakt med Klima- og miljøverndepartementet. Dei hadde ikkje høve til å svare før helga.
Varslar stans
Tidlegare denne månaden var det eit møte mellom Klima- og miljødepartementet og fleire kommunar i regionen. Ifølgje eit brev Bykle kommune har sendt til departementet, kom det i dette møtet eit tydeleg signal om hyttebygging:
«Pause i hyttebygging fram til planvask er gjennomført» står det i brevet.
Planvask vil seie at kommunen går gjennom alle kommunale planar og ser om det er utbyggingar dei kan droppe. Kommunar som har gjennomført dette grepet, har teke ut store område sett av til hytter.
Slik Bykle kommune tolkar dette, vil det innebere stans i all hyttebygging i åra framover.
Fredag sende kommunen ut ei pressemelding der Hans Blattmann uttaler:
– I røynda kan det stoppe store delar av næringsutviklinga i kommunen, og prinsippet om at ein skulle sikre god medverknad frå alle kommunar er heilt sett bort frå.
Bykle kommune har også sendt eit brev til Klima- og miljødepartementet der dei skriv at dette er svært inngripande i det lokale sjølvstyret.
Sårbar stamme
Villreinen er ein sårbar stamme som har fått avgrensa sine leveområde gjennom mange år. Difor lagar regjeringa tiltaksplanar for å betre levekåra.
Fleire tiltak har som mål å avgrense ferdsel utmarka. Difor har det blitt varsla ei strengare linje på hyttebygging, sidan dette fører til fleire folk i villreinområda.
Andre aktuelle tiltak er å stenge turisthytter og droppe merking i vinterfjellet.
Dette er lagt inn i tiltaksplanar som allereie er satt i verk.
Den neste tiltaksplanen frå regjeringa si side omfattar Setesdalsheiane. Det er fjellområde som ligg i Agder og Rogaland.
Fleire avgrensingar
Bykle kommune har allereie opplevd fleire avgrensingar i hyttebygging som følge av villreinen. Det same har andre kommunar i denne regionen.
– Det vil vere dramatisk om det no blir ei fullstendig pause, instruert frå regjeringa si side, seier Lars Tarald Myrum (Sp), ordførar i Valle i Setesdal.
Han var til stades på det same møtet og tek eit atterhald om at ein framleis ikkje veit kva kravet vil innebere.
– Så skal det også seiast at Statsforvaltaren i Agder langt på veg har lagt seg på same linja Men det er ikkje tvil om at dette er inngripande for kommunane.