Detaljer
Fathia Mahmoud Farah – Journalist : Journalist
Mats Rønning – Journalist : Journalist
Julia Kirsebom Thommessen – Journalist : Journalist
Ragnhild Vartdal – Journalist : Journalist
Publisert: 12-02-2026 03:51:40
Oppdatert: 12-02-2026 06:26:27
Les på nrk.no

Avviser Støre si forklaring om «privatarkiv»: – Vi vart samde om kva som skulle seiest

Støre kan ikkje hugse å ha vore involvert i UD-sitat frå då han var utanriksminister i 2006, og viser til dåverande kommunikasjonssjef. – Eg hugsar godt at vi etter bestilling frå utanriksministeren vart samde om kva som skulle seiest, kontrar kommunikasjonssjefen.

Vi må litt tilbake i tid for å forklare sitatforvirringa.

Dei hemmelege fredsforhandlingane mellom Israel og Den palestinske frigjeringsorganisasjonen i 1993, har fått namnet Oslo-prosessen.

Prosessen har blitt aktualisert på ny, fordi dei to hovudarkitektane bak, diplomatekteparet Terje Rød-Larsen og Mona Juul, begge er sikta i ei korrupsjonssak.

No ønskjer fleire parti at også dokumenta som knyter seg til Oslo-prosessen blir granska. Men dokumenta er ikkje i offentllege hender, men ein del i Rød-Larsen sitt private arkiv.

Dåverande utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) vart i 2006 sitert på at Utanriksdepartementet (UD) ikkje sakna dokument knytt til Oslo-prosessen i UD sine arkiv.

Usamde

Ein pressetalsperson i UD kom nemleg med følgjande utsegn Til Dag og Tid på vegner av Støre den gongen: «Vår konklusjon er at det ikkje finst dokument han (Terje Rød-Larsen, red.merk.) har frå Oslo-prosessen som er sakna i UD sine arkiv. Vi ser på saka som avslutta».

– Eg kan ikkje hugse å ha vore involvert i denne utsegna frå kommunikasjonssjefen, seier Støre til VG i dag.

NRK har snakka med kommunikasjonssjefen frå 2006, Anne Lene Dale Sandsten.

Ho har ein annan versjon av historia:

– Eg har stor forståing for at Støre ikkje hugsar alle saker, men situasjonen på den tida, som i dag, var at alle saker som rører ved politikk var politisk klarert før utsegner.

– Eg hugsar godt at vi etter bestilling frå utanriksministeren både undersøkte og drøfta saka, og vart samde om kva som skulle seiest, som eg dessutan antar er sanninga: «Det er ingen dokument som er sakna i UD», seier Dale Sandsten til NRK.

Stiller spørsmål om Støre si rolle

No etterlyser Støre dokumenta.

– Eg har heile tida meint at dei delane av arkivet burde bli samla, anten i Utenriksdepartementet eller i Riksarkivet.

Det svarer statsminister Støre i dag på spørsmål om han tok eit aktivt val om at dokumenta frå Oslo-prosessen ikkje skulle bli levert til det nasjonale arkivet.

Rolla til Støre som utanriksminister den gong, kjem opp fordi kontrollkomiteen på Stortinget skal granske UD og norske tenestemenn si tilknyting til seksualforbrytaren Jeffrey Epstein.

Eitt av spørsmåla dei vil sjå på, er kvifor Støre i 2006 og 2012 avviste at det fanst store manglar i UD sine arkiv om Oslo-prosessen.

Støre seier at det i 2007 blei sagt frå departementet si side at ein hadde forsøkt å få tak i materialet.

– Det som det blir vist til, er at pressetalspersonen i UD i 2007 sa at ein hadde gjort mange forsøk på dette, og det hadde ikkje ført fram. Men det betyr ikkje at vi ikkje framleis meinte at det var rimeleg, og det jobba vi også med og tok opp i mange samanhengar etter det, seier Støre.

Vil levere dokument

Mona Juul gjekk denne veka av som ambassadør. Samstundes granskar Utenriksdepartementet saka, slik NRK har omtalt.

Ho er sikta for grov korrupsjon. Terje Rød-Larsen er sikta for medverknad.

Både Juul og Rød-Larsen har uttrykt sterk anger over forbindelsen med Epstein.

Det er snart 33 år sidan forhandlingane mellom Israel og PLO leidde fram til Oslo-avtalen.

Rød-Larsen var ikkje tilsett i UD, men hadde ei nøkkelrolle i arbeidet. Kona hans, Mona Juul var også sentral og tilsett i departementet.

Torsdag kveld skriv Rød-Larsen sin advokat, John Christian Elden, følgjande til NRK:

– Terje Rød-Larsen ønskjer å bidra til at alt materiale han sjølv har liggande og som kan ha relevans for Oslo‑prosessen, blir tatt vare på for framtida. Det er avgrensa kva han har av slikt materiale, men det han har vil bli gjort tilgjengeleg for Nasjonalarkivet så snart det praktisk lar seg gjennomføre. Materialet vil deretter kunne digitaliserast og arkiverast av Nasjonalarkivet i tråd med gjeldande rutinar.

Nasjonalarkivet seier målet er få dokumenta

Riksarkivet har no bytta namn til Nasjonalarkivet.

Nasjonalarkivar Inga Bolstad seier til NRK at arkivet har stor verdi, og at det bør vere sikra hos dei.

– Nasjonalarkivet meiner at Terje Rød-Larsens privatarkiv frå Oslo-prosessen er viktig og av nasjonal og internasjonal interesse. Difor bør det sikrast og bevarast på norsk jord hos Nasjonalarkivet.

Dei opplyser at arkivet framleis ikkje levert inn.

Ifølge Bolstad er Nasjonalarkivet og UD no i dialog om korleis dokumenta kan bli sikra.

– Målet er å sikre forsvarleg tilgang for dei som har lovleg interesse av materialet.

NRK har spurt Nasjonalarkivet om dokumenta Rød-Larsen har er omfatta av arkivlova og skal leverast til staten, eller om dei blir rekna som eit privatarkiv utanfor lova.

– Juridiske vurderingar rundt arkivet er komplekst, i og med at det finst få detaljar om det faktiske innhaldet, samt at arkivet er ført ut av landet.

Dei viser til at den nye arkivlova, som trådde i kraft i januar, slår fast at både arkiv frå forvaltninga og privatarkiv som blir definerte som særleg viktige og av nasjonal interesse, skal leverast til Nasjonalarkivet.