Det går det føre seg eit stort ryddeprosjekt i Oslofjorden.
– Det kan fort bli fleire tonn om dagen, seier Aleksander Bøe Sandøy, dagleg leiar i OceanFront.
Til no har verksemda henta opp alt frå båtvrak og teiner til handlekorger og syklar.
OceanFront har fått støtte av Miljødirektoratet til å rydde Oslofjorden i seks månadar. Dei samarbeider med Marinreparatørane, som har fått tolv månadar til å gjennomføre arbeidet.
I fleire år har miljøutfordringar prega Oslofjorden.
Regjeringa la i går fram ein ny plan «for å redde Oslofjorden».
– Den dårlege tilstanden i Oslofjorden er ein av dei største miljøutfordringane i vår levetid, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) i ei pressemelding.
Les meir om den nye planen her:
– Ønsker å gi livet tilbake
Under ryddearbeidet i fjorden fann dei ei ruselenke på nær 100 meter, full av rundt 300 til 400 levande og døde fiskar og krabbar.
– Vi ønsker å gi livet tilbake til dei dyra som lever, og så finn vi dessverre mange døde dyr, seier Sandøy.
Rusene blir frakta frå havbotn til land. Der blir rusene opna og dei overlevande dyra blir slepte fri.
– Det er meiningsfullt det vi gjer når vi finn slike objekt. Det er det prosjektet vårt handlar om, å rett og slett gjenskape livet i Oslofjorden, legg han til.
Rusene på havbotn er eit døme på det som blir omtala som «spøkelsesreiskap».
Det er fiskereiskapar som har blitt mista på havbotn.
Reiskapane er i utgangspunktet meint for å fange liv, men ender opp som store gravplassar på havbotnen.
– Når vi då får dyr som går inn i reiskapen og bli verande der, svelt i hel og døyr får vi ein evig vond sirkel av dyr som går inn, døyr og blir agn, seier marinbiolog Petter Torgan i Marinreparatørane.
– Det er eit kjempeproblem langs heile Noregs kyst, legg han til.
Vi mister «spøkelsesreiskapar» i eit høgare tempo enn vi klarer å rydde dei opp frå havbotnen, ifølge Torgan.
100 millionar til Oslofjorden
I 2021 vedtok regjeringa ein femårsplan for tiltak som skal betre tilstanden for miljø og friluftsliv i Oslofjorden.
Eit av innsatsområda inneber miljøgifter og forsøpling i fjorden.
Totalt har regjeringa sett av rundt 100 millionar kroner til restaurering av naturen i og rundt Oslofjorden.
Det er fleire årsaker til at tilstanden i Oslofjorden er kritisk.
Tareskogen veks, fisken mister sitt livsgrunnlag og havbotn døyr.
Hovudkjeldene til problema er:
- Utslepp frå jordbruket
- Kloakk og avløp
- Bygging av strandsona
- Overfiske og fiskehelse
Situasjonen i Oslofjorden har skapt problem for yrkesfiskarane.
Sidan januar har det vore fiskeforbod.
Det har skapt sinne blant fiskarane som har fjorden som sitt levebrød.
Fleire har ikkje fått pengar som staten lova dei i arbeidet med å omstille seg.
Yrkesfiskarane som skulle bli prioritert av staten i arbeidet med restaurering av Oslofjorden, sat plutseleg igjen utan inntekt.
Les om yrkesfiskar Arild Lindholm Karlsen som blei råka av fiskeforbodet: