Fleire politibetjentar troppa opp ved Thorbjørn Jagland si leilegheit i Oslo, hus i Risør og hytte på Rauland torsdag føremiddag.
– Som ein konsekvens av at det er ransaka, er Jagland no sikta for grov korrupsjon. Jagland vil bli avhøyrt av Økokrim, seier Økokrim-sjef Pål Lønseth.
Avhøyret skjer i løpet av dagen.
Ransakar bustadene
NRK har sett fleire politibetjentar hente ut gjenstandar frå leilegheita i Oslo.
Betjentane ransaka også bilen til Jagland, som stod parkert utanfor leiligheita.
Økokrim vil ikkje kommentere eventuelle beslag.
Inne i leilegheita var Jagland saman med advokat Brosveet.
Litt over klokka 12 gjekk dei to ut saman.
– No skal vi ned på kontoret mitt, seier Brosveet på veg ut.
– Eg har berre ein ting å seie, og det er at eg er veldig glad for at saka blir opplyst. Ikkje noko meir å seie, seier Jagland til det store pressekorpset som stod utanfor leilegheita.
– Korleis stiller du deg til saka? Har du noko å seie?
– Min advokat har sagt nok, svarer Jagland.
I ein skriftleg kommentar seier advokat Brosveet at dei vil samarbeide fullt ut med myndigheitene.
VG omtalte ransakinga i Oslo først.
Ein svart bil registrert på Økokrim står også parkert utanfor huset til Jagland i Risør.
Aust-Agder Blad og Agderposten melde først om ransakinga i Risør.
Ransaking er eit tvangsmiddel, og Økokrim meiner det er skilleg grunn til mistanke når dei går fram på denne måten.
Immuniteten oppheva
Ransakinga skjer dagen etter at ministrane i Europarådet einstemmig oppheva Jagland sin immunitet.
Det betyr at han no kan bli straffa for forhold som skjedde i dei ti åra han var generalsekretær for Europarådet.
– Ransakingane er knytte til den pågåande etterforskinga av Jagland, som Økokrim kunne halde fram med etter at Europarådet i går oppheva immuniteten hans, seier Lønseth.
No kan også Økokrim få tilgang til informasjon dei treng i etterforskinga frå Europarådet.
Det var førre veke at Økokrim opplyste at dei mistenkte Jagland for grov korrupsjon, etter opplysningar i dei nyleg frigitte Epstein-dokumenta.
For snart to veker sidan frigjorde det amerikanske justisdepartementet millionar av nye dokument, som kastar lys på relasjonen fleire norske makttoppar hadde til seksualforbrytaren Jeffrey Epstein.
Gjennom advokaten sin har Jagland heile vegen avvist å ha gjort noko straffbart.
– Det er for så vidt positivt frå vår side at no kan Økokrim gjere jobben sin og få avklart kva som har skjedd, sa advokat Anders Brosveet til NRK onsdag, etter at immuniteten var oppheva.
Det var Økokrim og Utanriksdepartementet som bad Europarådet om å oppheve Jagland sin immunitet. I eit brev til rådet var det fleire forhold Økokrim trekte fram, som dei ser på i etterforskinga mot Jagland:
- Det kan tyde på at Jagland og hans næraste familie fleire gonger i perioden mellom 2011 og 2018 har nytta seg av Epstein sine private leilegheiter i Paris og New York, samt hatt opphald i Epstein sin villa på Palm Beach i Florida.
- Det kan sjå ut som at Epstein har dekt reisekostnadane for seks vaksne i samband med eitt av desse opphalda.
- I tillegg takka Jagland ja til eit tilbod om å få dekka reise- og hotellkostnader i Karibia for seks vaksne. Denne reisa vart til slutt ikkje noko av.
- Jagland skal ha bede Epstein om bistand med eit banklån, noko det er uklart om vart noko av.