Detaljer
Silja Björklund Einarsdóttir – Journalist : Journalist
Publisert: 21-06-2026 05:04:18
Oppdatert: 21-06-2026 06:34:46
Les på nrk.no

Leiteaksjon etter at båt kantra i elv

To personar var om bord. Den eine klarte å koma seg i land og varsla om ulukka.

Ein person er sakna etter at ein båt kantra i ei elv i Gloppen kommune i Vestland.

Det var to personar om bord i båten då han kantra. Den andre personen kom seg i land og fekk varsla naudetatane.

– Då rykka alle naudetatane ut til staden saman med tilgjengelege redningsressursar og har søkt etter personen sidan det, seier innsatsleiar Ole Jørgen Eide til NRK.

Leiter framleis

Søket går framleis føre seg klokka 7 sundag morgon.

– Me har funne båten som har kantra, men ikkje funne den sakna, seier Eide.

Både naudetatar, Røde Kors og lokale bidrar i aksjonen.

Det same gjer redningshelikopter og ambulansehelikopter.

– Me held fram søket vidare, så får me ta ei vurdering etter kvart på kor lenge me søker etter personen, seier innsatsleiaren.

Søkeområdet no er om lag 1 kilometer langt. Det er høg vasstand i elva.

Send til sjukehus

Den sakna mannen er frå området. Pårørande er varsla.

Mannen som kom seg i land, er send til sjukehus.

Han var bevisst, men innsatsleiaren veit ikkje om han er alvorleg skadd.