To kraftige jordskjelv trefte Venezuela natt til torsdag, norsk tid.
Jordskjelva er dei kraftigaste i landet på over 100 år, og hadde ein styrke på 7,2 og 7,5.
Jordskjelv kan føre til store skadar og høge dødstal.
Men i motsetnad til skred, uvêr og mange andre naturkatastrofar er det vanskeleg å varsle jordskjelv på førehand.
Vi har snakka med to forskarar som kan fortelje deg alt du treng å vite om jordskjelv.
Kva er eit jordskjelv?
Jordskorpa er som eit gigantisk puslespel, og er delt opp i store plater.
Desse beveger seg i forhold til kvarandre.
I grensene mellom platene byggar det seg opp spenningar.
Når spenningane når over eit visst nivå, vil ein få eit brot i jordskorpa der det blir frigitt mykje energi, forklarar professor Mathilde Bøttger Sørensen ved Universitetet i Bergen.
– Det er den energien som reiser som ein puls gjennom jorda, og som vi merker som ristingar på overflata, seier ho.
Kvifor er det vanskeleg å varsle skjelv på førehand?
Forskarane veit kva område som er utsett for skjelv.
Dei kan også seie noko sannsynet for at eit jordskjelv skjer.
Så langt kan altså forskarane gå i varsle skjelv, men ikkje mykje lenger.
– Det er vanskeleg å føreseie kor, til kva tidspunkt, og kor stort skjelv blir, seier forskingsleiar Volker Oye ved Norsar, ein forskingsstiftelse med seismologi og seismisk overvaking som spesialområde.
Han forklarar at vi veit lite om korleis bergartane heng saman og ser ut så langt under jorda, som der eit skjelv startar.
I tillegg veit vi ikkje kor mykje stress eller spenningar som skal til for at det skal bli eit jordskjelv.
– Vi veit ikkje akkurat når det vil overstig dei spenningane som eit visst område toler. Vi veit kva område vi har jordskjelv i, men å seie akkurat når og kor det vil skje, kan ein ikkje, seier Sørensen ved UiB.
Kva avgjer kor stor eit skjelv blir?
– Vi kan ikkje stoppe jordskjelv. Dei kjem når dei er klare, seier Sørensen.
Nokre skjelv merker du knapt, mens andre kan øydelegge stort.
Storleiken på brotet mellom platene, kor djupt brotet er og kor mykje platene beveger seg, er med å avgjere kor stort skjelvet blir.
Jo djupare under bakken brotet er, jo svakare merkar du skjelvet.
Område som ligg på grensene mellom dei store platene er mest utsette for skjelv.
Venezuela ligg i eit området som er særleg utsett for skjelv. Så seint som i 2018 var det eit skjelv på 7,3 på skalaen, forklarar Oye.
Dette skjelvet var ganske djupt under bakken, slik at det ikkje førte til så mykje skader.
Dei to skjelva natt til torsdag var ikkje så djupe, noko som førte til store øydeleggingar. I tillegg kan tidspunktet sidan førre store skjelv ha bidratt til dei kraftige utslaga.
– No har det vore ganske lenge sidan noko skjelv har oppstått der, og så var det eit stort eit, som har utløyst all energi med ein gang, seier Oye.