– Eg var veldig frisk éin dag og neste dag klarte eg ikkje eingong å stå opp, så nokre trudde ikkje på at eg var sjuk.
Dette seier May Solfrid Lunde om korleis det var å ha lungefibrose, same sjukdom som kronprinsesse Mette-Marit.
– Det har vore veldig krevjande å leve med, seier ho.
På same tid gjekk ho gjennom ei skilsmisse og måtte kjempe for å ta vare på hus og heim.
– Eg blei dårlegare av den psykiske påkjenninga, og alt det kravde av meg.
Sjølv om situasjonen er annleis for kronprinsessa, kjenner May seg igjen i det å stå i sjukdom samstundes som ein skal ta vare på familien.
– Ho er knalltøff, eg skjønnar ikkje kva ho er laga av, seier May.
Men etter fleire år, fekk ho plutseleg gladnyheita om at det var hennar tur til å få nye, friske lunger.
5. juni blei det kjent at Kronprinsesse Mette-Marit står på liste for lungetransplantasjon. I dag blei det klart at ho har fått nye lunger.
Og May veit godt kva som ventar kronprinsessa framover.
Mista mor og bror
Som lita jente fekk May astma, men ettersom åra gjekk blei ho gradvis dårlegare.
Både lungebetennelse, slim og pustevanskar prega kvardagen hennar på det verste.
Til slutt fekk ho påvist lungefibrose, ein sjukdom som både mora og broren hennar hadde.
– Mora mi døydde før ho fekk nye lunger, og broren min døydde av komplikasjonar etter operasjonen, seier ho.
Men May var heldigare. Med nye lunger har ho fått 20 ekstra år, og håper på enda fleire.
– Det er vanskeleg å beskrive kva dei har gitt meg, seier ho takksamt om donorlungene.
Veit korleis det kan bli for kronprinsessa
Tidlegare i juni blei det kjent at det var åtte personar stod på ventelista.
Det er den sjukaste som får tilbod om det kjem inn lunger som matchar fleire personar.
Dette veit May alt om som venta i nesten eit halvt år på friske organ som passa.
– Eg måtte alltid vere klar til å dra til Rikshospitalet på fire timar, forklarar ho.
Ho huskar godt da telefonen ringde frå sjukehuset.
– Eg kunne ikkje tru det, at det var min tur.
Og synet som møtte ho før operasjonen, var ekstra spesielt. Det var nemleg den same legen som hadde operert broren hennar.
– Det var veldig sterkt å møte akkurat han, seier ho.
Men lungene kom òg med ein pris.
Immundempande medisinar, hyppige legebesøk og etterverknadar har prega livet hennar etter operasjonen.
Trass i ulike forholdsreglar, er May livsglad.
Hosterefleksen har blitt borte så ho må hoste på kommando.
I tillegg må ho passe godt på at ho ikkje blir sjuk.
– Eg kan ikkje kjenne at eg har lungebetennelse, fordi nervetrådane i brystet er kutta.
Ho har òg fått såkalla kronisk fråstøyting, som gjer at pusten har blitt litt dårlegare.
Lever livet fullt ut
Likevel har May alltid halde motet oppe.
Ho kjenner seg heldig som fekk moglegheita til å halde fram med livet.
– Eg var så sjuk at eg var redd eg ikkje skulle få oppleve konfirmasjonen til dottera mi, men no har eg til og med sett barnebarnet mitt bli konfirmert, fortel ho.
No håper ho på fleire år, og lever livet til det fulle.
– Eg og mannen min er opptatt av å ikkje sitte inne. Vi må ut å oppleve alt vi kan.
Denne saka vart først publisert 5. juni, men oppdatert kl. 10.15, 17.06.26.