Detaljer
Sofie Retterstøl Olaisen – Journalist : Journalist
Publisert: 14-12-2025 03:45:32
Oppdatert: 15-12-2025 04:13:37
Les på nrk.no

Oppdrettslaks kan bli surrogatmødrer for villaks: – DNA-et frå fiskane blir ikkje blanda

Oppdrettslaks har lenge fått skuld for å gjere livet vanskelegare for villaksen. No kan han bli redninga.

Villaksen ligg dårleg an. Han er i kategorien nær utryddingstruga på den norske lista over raudlista arter.

Berre 2 prosent av fiskane kjem tilbake elvene som vaksen etter å ha utvandra til sjøen. For ikkje mange år sidan var det 20 prosent.

Dei som elskar å fiske villaks er uroa for at fisket går mot slutten.

Frå 2019 til 2024 sokk talet på fiska villaks frå ni til tre tonn. Mange laksebestandar i Noreg er truga, har allereie gått tapt eller er halvert sidan 1980-talet, slår Miljødirektoratet fast.

Det er mange årsaker til at det blir færre villaks. Fleire peiker på oppdrettsnæringa.

No kan den same fisken bli redninga for villaksen.

Laksesurrogati

– Det er ei form for surrogati. Men DNA-et frå fiskane blir ikkje blanda, seier havforskar Lene Kleppe.

Ho forklarar at dei tek ut kjønnstamceller frå utvalde individ av fisk og overfører dei til andre individ. Fiskane er altså surrogatfiskar.

– Er det ikkje fare for at DNA-et til villaks og oppdrettslaks på denne måten blir blanda?

– Det skjer ikkje. Cellene vi transplanterer inn er dei same som blir til egg og sperma. Dei vil ikkje blande seg med surrogatfisken sitt DNA.

Ein brukar altså ikkje berre ein, men to surrogatfiskar. Den eine fisken lagar egg av cellene frå donoren. Den andre lagar fiskesperm, som ein kallar melke.

– Når dei gyter, gyter dei avkom frå donorfisken, og ikkje sitt eiget avkom, seier Kleppe.

På sikt håper forskarane at metoden kan bidra til å ta vare på truga bestandar både av laks og andre artar.

Sjølv om dette er første gong metoden er testa ut på atlantisk laks i Noreg, er den allereie godt utprøvd på andre artar i utlandet, til dømes i Japan. Der finst det allereie ein genbank frå mange ulike fiskeartar tilgjengeleg for framtidig bruk.

Med tida meiner forskarane metoden òg kan bli brukt i avl av oppdrettsfisk.

– Ein kan mellom anna ta vare på genetikken til særleg vellukka eller motstandsdyktig oppdrettsfisk på denne måten, seier forskaren.

Laksefiskar: – Ganske hårreisande

Robert Selfors i Beiarn kommune er lidenskapeleg opptatt av laksefiske. Han er tidlegare dagleg leiar av Beiarelva i Nordland og har fiska i elva i 25 år.

Selfors har sett nedgangen av villaks i elva med eigne auge.

Likevel hoppar han ikkje av glede når han høyrer at forskarane meiner dei kan auke bestanden ved hjelp av oppdrettslaks.

– Eg synest i utgangspunktet at det er ganske hårreisande. Det er berre er å skyve problemet bort frå der det er, seier han til NRK.

Han er heilt overtydd om at oppdrettslaksen har ein del av skulda for at bestanden går ned.

– Villaksen er født i elva. Når han vandrar ut har han dårlege odds fordi det er mykje lus i fjordsystemet.

Ifølge Selfors er det ein tendens til at det er meir lus der det er høg konsentrasjon av oppdrettsmerdar.

– Eg synest myndigheitene snart burde få ballar til å sette strenge krav til næringa for å få kontroll over mellom anna lakselus og avfall frå anlegga.

Miljødirektoratet: – Uroa for utviklinga

Seniorrådgivar June Larsen Ydsti i fiskeseksjonen til Miljødirektoratet opplyser til NRK at dei vil følge med på arbeidet til forskarane for å sjå om dette kan vere eit verkemiddel i arbeidet med å ta vare på villaksen.

– Ifølge Vitskapeleg råd for lakseforvaltning er negativ påverknad frå lakseoppdrett saman med klimaendringane dei mest alvorlege truslane mot villaksen, seier Ydsti.

Sidan villaksen no har kome på Raudlista, er direktoratet svært uroa for utviklinga.

– Vi må forvente at mange fleire bestandar kan bli truga og gå tapt. Difor er det veldig viktig at negativ påverknad blir redusert så mykje, og så raskt som mogleg.

Ho seier dei allereie samarbeider med styresmaktene for fiskeri, som har myndigheit til å regulere påverknad frå lakselus og innblanding av rømt oppdrettsfisk.

Kan ligge fryst i årevis

Forskar Kleppe er einig med villaksentusiasten om at det er viktig å halde fram med å forske på årsakene til at villaksen forsvinn frå elvane våre.

Hennar forsking meiner ho må kome i tillegg til denne forskinga.

– Det er vanskeleg å føreseie framtida. Dette er meint som eit verktøy å legge til verktøykassa.

Fisken dei har laga med surrogatfisk til no er ikkje villaks, men ein fisk dei produserer sjølv på deira forskingsstasjon både som donor og surrogat.

Forskaren legg vekt på at ein heller ikkje treng å bruke oppdrettslaks som surrogat for villaks. Det er berre ein moglegheit.

– Det viktige er at dei er nokon lunde nært i slekt med. Ein kan bruke ein villakssurrogat eller ein aure til dømes, foreslår Kleppe.

Kjønnstamcellane kan òg bli fryste ned i fleire år. Dermed kan ein ha ein stor genetisk variasjon «på frys» når den naturlege bestanden er i dårleg tilstand.

Laksefiskar Selfors etterlyser meir data på kva som vil vere konsekvensane av å la oppdrettsfisk vere surrogat for villaks før ein vel å gjere dette i Noreg.

Men han har trua på å ta vare på genmaterialet betre, slik den nye metoden opnar for. Likevel rår han å ikkje tukle for mykje med naturen.

– La oss ha respekt for naturen og det genetiske materialet som har blitt utvikla i løpet av tusenvis av år.