Detaljer
Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd – Journalist : Journalist
Publisert: 19-10-2026 08:28:34
Oppdatert: 19-10-2026 08:35:35
Les på nrk.no

Fløymer over i Vesterålen: – Alle mann til pumpene

Eit stormfullt døgn har ført med seg store vassmengder. I Sortland i Vesterålen fløymer vatnet inn i hus og kjellarar.

Mykje nedbør og sterk vind har skapt store utfordringar for trafikken i nord det siste døgnet.

No fløymer vatnet inn i fleire bygg i sentrum. Vatnet fossar ut av kummar og inn i kjellarar og næringsbygg.

Lodve Riise er innsatsleiar i Sortland brann og redning.

– Det er kritisk. Akkurat no er det så vidt me klarer å ta unna alle oppdraga. Me har rekvirert restverdiredning-utstyr (RVR) ifrå Harstad for å ta unna alt vatnet.

Kan bli ei lang natt

Han seier dei har oppdrag som strekkjer seg frå Vestmarka og ned til bygardar i sentrum. Riise er bekymra for konsekvensane.

– No er me i sentrum og pumper ut vatn. Om det renn inn i sikringsskap kan det få langvarige skadar.

Mellom anna står fleire heisar under vatn. I fleire bygg står hovudinntaket for straum under vatn, opplyser innsatsleiaren.

– No er det alle mann til pumpene, men dessverre kan ikkje alle få hjelp samtidig, seier innsatsleiaren.

Den verste vinden er truleg over

Men det verste er truleg over for denne gong, skal ein tru meteorologen.

Vinden som har herja i store delar av fylket, trekkjer no lenger nordover, fortel statsmeteorolog Christoffer Taraldsen ved Meteorologisk institutt.

Kartet viser regnbyene

I Finnmark er vinden framleis svært sterk, men også der vil det roe seg i morgon.

– Dersom du ser på Nordkapp nå, så ligg det på full storm og kring 35 meter i sekundet på vindkast, seier Taraldsen.

Regnvêret gir seg i Nordland i natt, og tysdag føremiddag blir det opphaldsvêr i Troms.

– Når det gir seg ordentleg, då er det ferdig, så me slepp at det regner fleire dagar etterpå, fortel han. Nordland får meir variert vêr utover veka, og det kan kome smånedbør torsdag og fredag.