Detaljer
Synnøve Hole – Journalist : Journalist
Annabelle Kårvåg Sørensen – Journalist : Journalist
Frederik Winness Ringnes – Journalist : Journalist
Tore Ellingseter – Journalist : Journalist
Remi Sagen – Journalist : Journalist
Fride Kvamsøe Rekdal – Journalist : Journalist
Jon-Arne Akselsen – Journalist : Journalist
Publisert: 16-10-2026 04:28:41
Oppdatert: 16-10-2026 09:22:56
Les på nrk.no

To nye hyttebrannar i Ålesund i natt: – Det er mistenkeleg

Politiet har aldri funne ut kven som kan stå bak seks hyttebrannar i Sula på Sunnmøre. Natt til fredag brann to nye hytter ned på nabofjellet.

Politiet stadfestar overfor NRK fredag morgon at dei no undersøkjer om det kan vere ein samanheng mellom dei to brannane i Ålesund natt til fredag – og fleire uoppklarte brannar på Sulafjellet, like ved.

Politiet ser ikkje bort frå at også brannane natt til fredag er påsette.

– Det kan vere mange årsaker til at ting tek fyr, men det er klart at to hytter som brenn så nært kvarandre såpass nært tidsrom, det er spesielt, seier innsatsleiar Mathias Stemland i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK.

No ber politiet om tips, og har iverksett det dei omtalar som «straksetterforsking.»

– Vi må ha alle hypotesar opne, og ein av dei er at det kan ha blitt påsett, det kjem vi til å undersøkje, seier innsatsleiaren.

– Uverkeleg og utenkjeleg

Rigmor Andersen Eide bur like ved Emblemsfjellet. Ho likar ikkje det som har skjedd.

– Det er heilt forferdeleg dersom ein person går rundt på Emblemsfjellet og gjer det same som har blitt gjort på Sulafjellet, det håper eg inderleg at dei klarer å finne ut av, seier ho.

Geir Alnes har hytte lenger unna på Emblemsfjellet. Han tenkte umiddelbart at brannane har ein samanheng med brannane på nabofjellet Sulafjellet.

– Det er litt uverkeleg og utenkeleg. Skal det verkeleg skje på andre fjell også som Sula? Er det same person? undrar han.

Alnes gjekk ein tur i området der det har brent seinast søndag. Han trur det er påsett.

– To brannar på ei natt, eg tenker det må vere påsett.

– Er du redd for eiga hytte?

– Ikkje direkte redd, men litt bekymra. Kva blir det neste. Eg har tenkt at det kan skje på andre fjell, når det har skjedd på Sula.

Ein annan hytteeigar i området, som ønsker å vere anonym, fryktar for fleire brannar.

– Det er veldig ubehageleg og det følast utrygt. Det tar både nattesøvn og eg blir engsteleg rett og slett.

Totalt nedbrende hytter

Brannvesen og politi rykte ut til Emblemsfjellet første gang torsdag kveld.

Då melde politiet at det var søkk vått, vanskeleg å kome seg fram og lite igjen å sløkkje på den overtende hytta.

Fredag morgon rundt klokka 5.30 blei det slått alarm på nytt.

Då brann det frå ei anna hytte i det same området, ved Bjønnalågen. Fredag morgon er det klart at begge hyttene er totalt nedbrende.

– Det gjer jo at desse åstadene vil gje oss ganske lite, sidan det meste av tekniske spor truleg brenn opp, seier vakthavande jurist, Magne Kvalvik i politiet.

Hyttene ligg i eit svært populært turområde, rundt 10–15 kilometer frå Ålesund sentrum.

Politiet har sendt opp dronar og hund i området for å undersøkje terrenget på Emblemsfjellet.

Seks uoppklarte brannar på nabofjellet

I juli brann det for sjette gang på nabofjellet Sulafjellet.

Der fryktar bygdefolket at ein pyroman går laust, etter at politiet har slått fast at brannane truleg har blitt påsett.

Linn Haugen som er operatør på 110-sentralen seier det er spesielt med to brannar i same område same natt.

– Det er mistenkeleg at det har skjedd, men vi veit jo ikkje årsaka. Eg ønskjer ikkje å spekulere i det, seier ho.

Ho seier det er vel 200 meter mellom dei to hyttene, og avviser at brannen kan ha spreidd seg mellom dei to.

Det skal ikkje ha vore innlagt straum i dei to hyttene, og det er vått i terrenget etter mykje regn i det siste.

Hyttene har brent ned

Hyttene på Emblemsfjellet ligg vanskeleg til, utan bilveg heilt fram, og brannvesenet måtte difor gje opp å sløkkje.

– Vi har fått fram folk, men ikkje særleg med utstyr. Meldinga om brannen kom i morgontimane, og då brannvesenet kom fram var fritidsbustaden så godt som nedbrent, sa operatør Siw Lien Ulstein ved 110-sentralen fredag morgon.