Melodi Grand Prix returnerer for 65. gong vinteren 2027.
No er påmeldinga endeleg open, og MGP-redaksjonen med musikksjef Tarjei Strøm i spissen er på jakt etter låtene som skal konkurrera i neste års finale.
– Me leitar etter artistar og låter med eigenart, tydeleg identitet og gjennomslagskraft. Ei låt som set seg frå aller første lytt, og som både det norske publikummet og resten av Europa berre vil høyra om og om igjen, seier Strøm.
Alle låtskrivarar, artistar og band blir no inviterte til å senda inn bidrag, uavhengig av sjanger.
Målet er klart: å finna låta og artisten som skal representera Noreg i Eurovision Song Contest 2027!
– Me ønsker oss artistar som har noko å fortelja, som torer å vera seg sjølv og som er klare til å kasta seg heilhjarta inn i eit eventyr som kan ta dei frå øvingsrommet til den største scena i Europa.
Strøm er ikkje framand for å finna fram dei store orda.
– Saman med ein utruleg dedikert MGP-redaksjon skal me skapa augeblikk som samlar, engasjerer og begeistrar publikum både her heime og ute i Europa.
– Den mest spektakulære Melodi Grand Prix til no
Planlegginga av neste års Melodi Grand Prix er allereie godt i gang, og prosjektleiar Mads Tørklep lovar at publikum har mykje å sjå fram til.
– MGP held fram med å utvikla seg, og me jobbar med fleire spennande nyheiter som me gler oss til å dela etter sommaren. Ambisjonen er å skapa den sterkaste og mest spektakulære utgåva av Melodi Grand Prix til no.
Vinnaren av Melodi Grand Prix 2027 får det ærefulle oppdraget med å representera Noreg føre eit publikum på over 130 millionar sjåarar i det som er den største musikkonkurransen i verda.
Send inn låt til MGP 2027 her
Påmeldinga er open fram til midnatt 31. august 2026.
- Låta må vera ein original komposisjon, reine KI-komposisjonar blir ikkje vurderte.
- Låta kan ikkje vera lengre enn 3 minutt. Låter som er over dette blir ikkje vurderte.
- Låta må ikkje ha blitt framført eller sleppt før 1. september 2026.
- Låta må ha minst éin norsk låtskrivar.
- Artisten må ha fylt 18 år innan 1. mai 2027.
- Kvar produsent/låtskrivar får senda inn maksimalt tre låter.