Huset ekteparet vart funne i, ligg i det velståande Brentwood-området i Los Angeles.
Politisjefen i Los Angeles, Jim McDonnell, opplyser ifølgje Reuters at Nick Reiner er pågripen og sikta for drap.
Det er uklårt korleis stiller seg til skuldingane. 32-åringen sit i varetekt mot kausjon på 4 millionar dollar.
Ifølgje Los Angeles County Sheriff’s Department vart han pågripen søndag klokka 21.15 lokal tid, og sikta måndag klokka 05.04.
Det var tidlegare klart at eit familiemedlem skal ha vorte avhøyrt i saka.
Den yngste dottera til ekteparet var den som fann foreldra døde, stadfestar fleire kjelder overfor CBS News.
Politiet fekk melding om at to personar var funne døde med stikkskadar i ei bustad i Los Angeles søndag.
Ein polititenestemann, som uttalte seg mot at han fekk vere anonym, stadfesta overfor nyheitsbyrået AP at dei to døde er regissøren Rob Reiner og kona hans Michele Singer Reiner.
Politikarar og kjendisar reagerer
Ordførar i Los Angeles, Karen Bass, stadfestar i ei melding at dei to døde er Reiner og Singer.
Dødsfalla til ekteparet sjokkerer USA og resten av verda. Reaksjonane strøymer inn frå Hollywood-stjerner og politikarar.
– Michelle og eg er knuste over den tragiske bortgangen til Rob Reiner og hans kjære kone, Michele. Rob sine prestasjonar innan film og fjernsyn gav oss nokre av dei mest verdifulle historiene våre på lerretet, skriv tidlegare USA-president Barack Obama på X.
Arbeidde saman
Sonen Nick har arbeidd som manusforfattar, mellom anna som medforfattar av manuset til filmen Being Charlie frå 2016, som faren hans regisserte.
Filmen, som handlar om ein tenåring med rusavhengigheit, var laust basert på hans eigne erfaringar med avhengigheit.
Produktiv regissør
Reiner blei først kjent som skodespelar, og slo igjennom i TV-serien «All in the Family» på 1970-talet.
Han spelte i over 90 filmar og TV-seriar, blant anna filmane «Søvnløs i Seatlle», «The Wolf of Wall Street» og TV-serien «The Bear».
På 1980- og 1990-talet gjorde han seg også gjeldande som regissør. Blant filmane han laga var «Da han møtte henne», «Misery – Kidnappet» og «Et spørsmål om ære».
I 1984 kom han med komedien «This Is Spinal Tap», som fekk den norske tittelen «Hjelp, vi er i popbransjen». Filmen handlar om det fiktive rockebandet The Spinal Tap, og er laga som ein dokumentar.
Filmen fekk raskt ein klassikarstatus, der fleire av replikkane har gått inn i daglegtalen.
Tidlegare i år kom oppfølgaren «Spinal Tap II: The End Continues», der bandet kjem saman igjen for å spele ein siste turne.