16. juli kjem ein ny sesong av «Oppdrag Europa» med Herman og Mikkel på NRK.
For andre gong tek dei med sjåarane på spennande utfordringar over heile Europa.
– Eg trudde kanskje me var meir rutinerte, men me blir tekne på senga av folk rundt om i Europa denne gongen òg, seier Herman Flesvig.
Mikkel Niva fortel at dei ville tettare på folk denne sesongen når dei mellom anna tek oss med på ekspedisjon på Grønland og butlarkurs i Nederland.
– Me ville litt tettare på miljø som me syntest var interessante og som på ein eller annan måte representerer det Europa som me kjenner.
– Du får 40 prosent meir nerding, og då blir det òg 40 prosent morosamare.
Møte med skeive tyrkarar
I første episode får Herman og Mikkel prøva seg som magedansarar i Istanbul.
Magedans er populært i det skeive miljøet i byen, og møtet med dei skeive tyrkarane gjorde inntrykk på dei to reisekameratane.
– Ein blir jo skuffa og lei seg over kor forskjellig det er, ulike stadar i verda. Det er ikkje så lett å vera annleis eller homofil i Tyrkia, seier Herman.
Han synest det var fint å kunna setta fokus på noko litt meir alvorleg, om enn gjennom humor og dans.
– Å bidra med å ta på magedanskostyme og dansa litt, det gjer eg med glede.
– Lyspunktet i det heile er jo at dei òg ler mykje av situasjonen sin. Dei har kvarandre, og har eit fint miljø der dei har funne sin nisje, seier Mikkel.
Mannlege magedansarar er ein gamal tyrkisk tradisjon som i dag i stor grad blir halde i live takka vere det skeive miljøet.
–Tyrkarane sit jo litt fast. Dei har ein gamal tradisjon som dei vil taka vare på, men så blir det gjort av det skeive miljøet som dei ikkje likar.
– Det er ein god hack, seier Mikkel.
– Skal berre kosa oss
Sjølv om dei kjem innom litt meir alvorlege tema innimellom ser Mikkel mest på det som ein bonus når dei klarer å bruka humor og glede til å seia noko viktig.
– Det er jo eit slags forsøk på å få til 2 prosent opplysing medan 98 prosent berre er tull og fjas.
– Kva er målet når de er ute og reiser?
– Viss eg skal vera heilt ærleg, så er jo målet at me berre skal kosa oss og ha det gøy på tur.
Mikkel tenker seg litt om før han legg til eit meir NRK-passande svar:
– Målet er at folk skal føla at NRK leverer på allmennkringkastaroppdraget, samtidig som folk får le litt frå sofakroken.
Gode reisekameratar
Herman og Mikkel utfyller kvarandre godt når dei er på tur.
– Mikkel er ein veldig god reiseleiar. Eg berre dultar med.
Herman synest det er fint å reisa med nokon som han kjenner såpass godt som Mikkel.
– Eg vil seia at eit godt venskap er at me kan sitta ved sida av kvarandre i 20 minutt utan å snakka saman.
Mikkel er meir oppteken av storleiken på kofferten til sin reisekamerat.
– Han har kjøpt den største kofferten som er mogleg å få tak i fordi han må ha med seg tempurputa si.
– Eg og Herman har på ein måte mange relasjonar. Me er vennar. Så er me òg far og son kor eg er far og han er son. Og så er me nesten partnarar i livet òg.
Sjå den første sesongen her: