Det blei temperatur i slutten av kampen mellom USA og Australia. Etter ein ganske roleg sisteomgang byrja spelarane å knuffe mot kvarandre og fleire hamna på bakken.
Dommaren, Felix Zwayer frå Tyskland, såg seg nøydd til å dele ut fem gule kort. Men så skjedde det noko uventa – han gjekk sjølv ned for teljing.
– Det er klart det tar på for ein dommar òg. Krampe, då er det greitt å få litt tøyehjelp, sa NRKs kommentator Nora Johnsen.
Dommaren blei liggande på bakken i halvanna minutt, mens han fekk hjelp av assistentdommarane. Etter kvart måtte han også få i seg væske.
Fjerdedommaren kom springande ut med ei lita flaske med det som såg ut til å vere sylteagurksaft.
Safta fekk mykje merksemd under EM i 2024.
– No er han stressa
Det var på overtid av kampen at dommaren blei liggjande med krampe.
– Herlege bilde. No er han stressa når han ligg på matta der og har alles auge på seg og må prøve å tøye vekk ein krampe som verkeleg har låst seg, det er ubehageleg, kommenterte NRKs ekspert Jonas Grønner.
I NRKs VM-studio spøker ekspertane om hendinga:
– Det er eit eller anna så utruleg audmjukande med det, Magnus, ikkje at du nokon gong har fått krampe men, seier Aleksander Schau før NRKs fotballekspert Magnus Wolf Eikrem svarer:
– Eg har fått ofte krampe, men håpar at eg spring meir enn dommaren. Det var vel det mest interessante som skjedde i andre omgang, så det seier vel sitt.
Eikrem, som til vanleg spelar i eliteserien, fortel at det er viktig å få i seg nok vatn og elektrolyttar.
– Det hadde ikkje dommaren gjort i dette tilfellet, legg han til.
– Eg tenkte «oh lord, her må eg springe»
Det andre målet i kampen kom i slutten av første omgang. USA fekk eit frispark som til slutt hamna i føtene til Alex Freeman. Dommaren måtte dobbelsjekke målet med VAR, og då det var klart at det blei mål, tok det av på benken.
– Då me fekk målet blei me veldig glade, seier Folarin Balogun etter kampen.
– Det er berre i VM du ser slikt. Det er heilt fantastisk, seier Eikrem.
Dei amerikanske innbytarane storma banen og omfamna målskåraren.
– Då det blei mål, såg eg bak meg alle lagkameratane kome mot meg. Eg tenkte «oh lord, her må eg springe», seier Freeman.
– Alle på benken er med og feirar. På klubblag blir du ofte sur viss du sit på benken, men her er alle med, så det er kjekt å sjå. Spesielle bilde, legg Eikrem til.
Kampen enda med ein 2-0-siger over Australia i deira andre gruppespelkamp i VM. USA er difor også vidare til sluttspelet.
Australia overraska då dei vann 2–0 over – Tyrkia søndag morgon. Også USA overraska då dei vann sin opningskamp 4–1 over Paraguay.
– Dei ser bra ut, men dei møter jo også to lag som ikkje er veldig bra.
Det er fotballekspertens dom over USA, som har vunne to av to kampar.
– Dei har ikkje møtt noko lag som har utfordra dei på noko som helst, så det er vanskeleg å analysere, legg han til.