Då pandemien råka verda tippa det litt over for vokalist Mike Patton i Faith No More (FNM).
Hardt råka av agorafobi og alkoholproblem, fekk han totalt sceneskrekk.
– Det var lett for meg å bli isolert, så når nedstenginga kom, vart eg berre sitjande heime. Det forsterka nokre underliggjande utfordringar eg allereie hadde.
Det sa Patton i eit intervju med britiske The Guardian i 2022.
Lite tyda då på at den legendariske songaren skulle stå foran publikum igjen.
– Eg vart heilt isolert og nesten antisosial. Eg fekk heilt hetta av å vere rundt folk, fortalde han.
– Utruleg stolte
Men no verkar det som om livet har snudd for Patton og resten av FNM.
I dag kom nyheita om at Oslo og Tons of Rock står på deira plan for ein verdsomfattande comeback-turné.
FNM sin første turné sidan 2016.
På lista står også kjende stader som Maracanã i Rio de Janeiro og Rock am Ring på den kjende racingbana Nurburgring i Tyskland.
– Dei har stått øverst på ønskelista vår heilt sidan vi starta i 2014. At dei veljer Oslo når dei berre spelar nokre få konsertar, gjer oss utruleg stolte.
Det seier festivalsjef for Tons of Rock, Jarle Kvåle.
Sidan starten i 1988, har FNM hatt ei rekke store hits innan ulike rockesjangerar.
Mange vil ikkje minst hugse deira versjon av låten «Easy».
Tyske heltar
I dag blei det også kjend at det tyske heavy-bandet Scorpions kjem til Tons.
Med legenda Klaus Meine (78) som vokalist sidan 1969, var dei det første rockebandet utan engelsk som morsmål som slo igjennom internasjonalt.
Ikkje minst då dei kom med powerballaden «Wind of Change» i 1990.
Ein låt som blei symbolet på tøvêret mellom aust og vest etter Berlinmurens fall.
Store band på scena
I 2025 feira bandet 60-årsjubileet med ein konsert for over 50.000 i Hannover.
I januar 2027 har Warner Bros-filmen om historia til bandet verdspremiere.
Fleire store band er booka til Tons of Rock. Blant dei er Turnstile, Mötley Crue og Judas Priest blant dei mest kjende.
Også norske band som Gåte, Seigmen og Clawfinger (delvis svensk) står på plakaten.
Tok grep
Men for mange vil det å sjå Faith No More vere eit stort høgdepunkt.
Med ein ny-edru Mike Patton på scena kan det bli magisk på Ekebergsletta.
Dei siste åra har han funne tilbake til gleden, og har blant anna samarbeida med norske Stian Carstensen om musikalske prosjekt.
Ved hjelp av terapi, alkoholavhald og eit rolegare liv, har helsa betra seg.
– Eg måtte ta grep for å ta vare på min eigen mentalhygiene. Det var tøft, men det var heilt meir enn nødvendig.