Detaljer

Les på nrk.no

Generalkonferansen for mål og vekt i Versailles har bestemt seg. Det som låg på bordet for avstemming, gjaldt kva som skulle gjerast med eit klokke-problem.

– Eg hadde tru på at resolusjonen ville bli vedteken, fortel Harald Hauglin. Han er tidssjef i Justervesenet.

Den offisielle tida, som fortel om lengda på eitt døgn, stemmer ikkje. Jorda roterer raskare rundt aksen sin enn det klokka fortel. Det er unormalt. Det normale er at døgnet går saktare enn klokka.

Problemet har vore der lenge og er tidlegare løyst ved å leggje til eitt sekund med relativt jamne mellomrom. No stod det om noko som var noko anna.

– Vi risikerte no å få eit negativt skotsekund, og det har ein aldri sett før. Det blir altså eit tidspunkt ein på ein måte manglar. Så det er rekna som veldig risikofylt å faktisk gjere dette, seier Hauglin.

Og ein har aldri prøvd dette i moderne tid, eller prøvd i det heile.

Førre gong det vart tukla med klokka, var i 2016. Etter det har verda vorte endå meir avhengig av heilt nøyaktige klokker. Desse klokkene styrer kritisk infrastruktur og finansoperasjonar.

Utset i tusen år

Det ekspertane skulle stemme over, var å frikople den offisielle tida frå rotasjonen til jorda.

– Det var ønskt å sleppe og ha skotsekund i det heile i overskodeleg framtid, fortel Hauglin.

Resolusjonen inneber at klokketida er fristilt frå jordrotasjonen inntil forskjellen er 3600 sekund. Altså ein heil time.

Det er veldig lenge til det kjem til å skje. Det blir opp til fjerne, framtidige generasjonar å ta ei avgjerd om korleis det praktisk skal løysast.

– Dei må handtere å endre klokka kanskje med ein time, men det vil skje om omtrent 1000 år, opplyser Hauglin.

Ikkje som sommartid

Det blir ikkje slik at eit døgn sakte og roleg blir ein time kortare eller lengre dei neste tusen åra.

Her er slik skotsekund har vorte gjennomført tidlegare. På ein angitt dato blir eit døgn, og berre dette eine døgnet, eitt sekund lengre.

Det betyr at akkurat det året blir eitt sekund lengre. Året etter har det normale talet på sekund.

Rotasjonen av jorda held fram med å endre seg i åra som kjem. Etter nokre år har det vorte så mykje at det i sum utgjer eit sekund av eitt år. Då kjem det på nytt eit skotsekund.

Jorda har normalt sett fått saktare rotasjon på grunn av at tyngdekrafta frå månen bremsar gjennom tidevatn-kreftene. Månen har vore der lenge.

Då dinosaurane sa takk og farvel for 65 millionar år sidan, var døgnet omtrent tretti minutt kortare enn no.

Tilknyttede emner til denne saken