Detaljer

Les på nrk.no

Britiske Jason Arday blei i 2023 den yngste svarte professoren nokosinne ved universitetet i Cambridge.

Arday stod i fleire veker i ein mediestorm etter skuldingar om omfattande plagiat i doktorgradsavhandlinga si frå 2015.

Han trekte seg da det blei annonsert at universitetet opna ei etterforsking rundt kvalifikasjonane hans og den akademiske karrieren hans.

Fredag blei han funnen død i heimen sin sør i London.

– Desinformasjonskampanjen blei for mykje for Jason, som var ein mild mann som alltid ønskte å sjå det beste i alle. Vi er i sjokk over å ha mista denne fantastiske faren, partnaren, broren, onkelen og sonen, seier familien i ei fråsegn via Ardays forlag Simon & Schuster.

Eit stort medietrykk

I ei fråsegn nekta 41-åringen skuld og skreiv at avgangen ikkje måtte «forvekslast med ein aksept av forteljingane som har omgitt meg».

– Tragisk nok har åra sidan tilsettinga mi også vore prega av eit ustanseleg nivå av offentleg gransking og personlege angreip. Sjølv om kritikk er ein uunngåeleg del av det akademiske livet, har det eg har opplevd gått langt utover fagleg usemje.

Han sa at medietrykket har gått utover både privatlivet og helsa hans.

– Dei nådelause skuldingane, spekulasjonane og dei offentlege kommentarane har vore ei enorm belastning for meg og dei eg er glad i.

I tillegg til oppslag om plagiatskuldingane dukka det opp ei rekke medieoppslag om bakgrunnen hans.

Ein «suksesshistorie»

Arday hadde ein bakgrunn utanom det vanlege og ein biografi om livet hans blei nyleg gitt ut.

Som son av to innvandrarar frå Ghana fekk han ein autismediagnose som treåring. Vidare har fortalt at han ikkje kunne snakke før han var elleve år og at han først lærte å lese og skrive som 18-åring.

Han bar den olympiske elden i 2012 og hadde fleire prestisjefylte stillingar innanfor akademia.

Trekte støtte

Universitetet i Cambridge har også fått kritikk for korleis dei har handtert situasjonen.

Fleire har tatt til orde for at universitetet må ta ansvar for at dei fronta Arday som ein offentleg profil som representerte minoritetar og mangfald, for så å trekke støtta da skuldingane mot han kom.

– Når alt rasar saman må denne stakkars mannen stå aleine i det, seier den britiske politikaren Jacob William Rees-Mogg til Telegraph.

Storbritannias statsminister Andy Burnham har også uttalt seg og kallar dødsfallet «ein tragedie».

– Dette er ikkje tida for å trekke forhasta slutningar. Dette er tida for refleksjon over korleis det kunne ende slik, seier han.

Labour-parlamentsmedlem Bell Ribeiro-Addy sa til BBC at «tanken på at ein akademikar skal bli dratt gjennom denne mengda mediesøkelys er heilt uhøyrd».

Kehinde Andrews, professor i afrikanske studiar og venn av Arday, beskreiv han som «svært nedbroten» etter den massive kritikken han blei møtt med.

– Dette bør vere ein vekkar for kor ille mørkhuda akademikarar faktisk har det i akademia, uttalte han.

Universitetet har foreløpig ikkje kommentert saka utover å sende kondolansar til Ardays familie.

– Ei stor belastning

– Forsking viser at når mediesøkelyset blir veldig sterkt, så kan det vere ei stor belastning for dei det går utover. Og særleg dersom det er eins personlege moral og integritet som blir kritisert.

Det seier universitetslektor Kjersti Blehr Lånkan ved Institutt for journalistikk og mediefag ved Oslo Met.

– Det er jobben til media å fokusere på kritikkverdige forhold, men det er viktig å forstå kor belastande det kan vere å stå i massiv, negativ mediedekning.

Ho understrekar at offentlege personar skal kunne stå i meir negativ mediedekning enn ein privatperson.

Det finst likevel fleire eksempel både i Noreg og utlandet der trykket frå media har fått konsekvensar.

Lånkan trekker fram Tønne-saka frå 2002 da Økokrim tok ut tiltale mot tidlegare helseminister Tore Tønne. Dagen etter blei han funnen død.

Brurås-rapporten konkluderte med at enkelte medium hadde ein tendens til å kaste eit «mistenksamt lys over så å seie alt» Tønne hadde gjort. Det blei i mediebildet også brukt negative karakteristikkar av Tønne som person.

Under straffesaka mot Marius Borg Høiby har sonen til kronprinsessa ved fleire høve beskrive medieomtala som krevjande.

– Norske medium tok sjølvkritikk etter Tønne-saka, men eg veit ikkje om det har blitt så mykje betre. Media jagar likevel i flokk og det store spørsmålet er når mediedekning blir for mykje og kven som har ansvaret, siger Lånkan.

Ho trekker fram at britiske tabloidaviser har mindre omtanke for folks privatliv og at Storbritannia har ein annan mediekultur enn i Noreg.

Her trekker ho blant anna fram prinsesse Diana som døydde i ei bilulykke då ho blei etterfølgd av fotografar.