Brevet med 190 gram hasj kom ikkje fram til mottakaren, men DNA-treff leia politiet til avsendaren – ein sunnfjording i 20-åra.
Hos han, på ei adresse utanfor Oslo, fann politiet over 400.000 kroner i kontantar, over 500.000 narkotiske tablettar, 54 kilo hasj, eit breitt spekter andre narkotiske stoff og dopingmiddel.
– Det er jo heilt fantastisk bra – om dette er storleiken på beslaget, så er det Scott sitt største, «all time high». Det er veldig motiverande.
Slik reagerer politibetjenten som gjorde funnet med Scott, når han får vite resultatet av rutinesøket i fjor haust.
Stort illegalt apotek
Han ynskjer å vere anonym, men NRK kjenner identiteten hans.
– Kvar gong «Scott» bidreg til å avdekkje narkotika, i særdelesheit større mengd, gjev det ei veldig god kjensle.
Jaktlabradoren Scott er godkjend redningshund og lavine, og blir ofte nytta til ransakingar. På få sekund avdekker han narkotika i store område.
Då «frys» han.
– Scott har opp gjennom åra medverka til mange beslag, også av større karakter, fortel hundeføraren.
No har han altså sett «personleg rekord».
– Dette viser jo at sjølv om det heile startar med eit relativt lite beslag, så kan det vere starten på noko veldig stort, seier hundeføraren.
Politiadvokat Trine Frantzen i Vest politidistrikt skildrar verksemda dei «snubla over» som eit stort illegalt apotek på det mørke nettet.
– Beslaget på adressa er så omfattande, i mengd og typar narkotika og dopingmiddel, at ein kan skildre bustaden som eit apotek der folk bestilte narkotika og dopingmiddel frå.
Politiet meiner sunnfjordingen hadde ei sentral rolle på den illegale marknaden. Omfanget på omsetnaden er usikker.
Samarbeidde med politiet
I tillegg til narkotika, dopingmiddel og pengar, fann politiet rekneskap som dei meiner beviser hundrevis av postsendingar til heile landet.
Kor langt tilbake i tid vil ikkje Frantzen kommentere.
Politiet mistenkjer at stoffet har kome frå utlandet, blitt lagra på adressa og deretter vidaresendt på bestilling.
«Apotekaren» sat 12 veker i varetekt, og har samarbeidd med politiet.
Mannen sin forsvarar, Farid Bouras, ynskjer ikkje å kommentere skuldspørsmålet eller gå inn på forklaringa til mannen.
– Det gjeld òg spørsmåla om ei eventuell rolle, kva han visste, og eventuell kontakt med andre involverte, seier han til NRK.
Krypterte meldingar gir politiet eit klart inntrykk av eit stort medverkarapparat med fleire involverte.
Politiet har identifisert og oppretta nokre saker mot mottakarar.
Etterforskinga har ikkje avdekka bakmenn.
– Narkotikamarknaden og det illegale dopingmarknaden i Noreg har godt fotfeste. Det ligg mykje pengar i det, og ein har motiverte aktørar som går ganske langt i å skjule identiteten sin, seier Frantzen.
Frå før er sunnfjordingen domfelt for promillekøyring og for å ha køyrt bil utan førarkort.
Frantzen vil ikkje seie kva mannen har forklart om korleis han vart blanda inn i «apotekdrifta».
Sjølv hevdar han å ha oppbevart stoffet for ukjende personar.
Noko mange seier i frykt for represaliar.
– Vi kan ikkje utelukke at forklaringa stemmer, seier Frantzen.
Kripos: – Eit stort beslag
Ketamin vart først klassifisert som narkotika i år. Beslaget hos Sunnfjordingen utgjorde 10 prosent av all Ketamin beslaglagd i Noreg i fjor.
Same år beslagla politiet kring 1,5 millionar benzodiazepin-tablettar fordelt på 2.200 enkeltsaker, viser narkotikastatistikken.
Leiar Kari Solvik ved seksjon for narkotikaanalyse i Kripos seier at beslaget skil seg ut.
– På generelt grunnlag kan vi seie at 160 kg er eit stort beslag når det gjeld tablettar. Det er ikkje veldig uvanleg med så store narkotikabeslag, men då er gjerne innhaldet i hasj, i sjeldnare tilfelle marihuana, amfetamin eller kokain, seier ho.
Digitalt kappløp
Politiadvokat Trine Frantzen fortel at etterforskinga av digital narkotikahandel er svært krevjande fordi bakmenn har store økonomiske ressursar.
Dei kriminelle miljøa utnyttar posten til å distribuere ulovlege stoff anonymt ut i landet.
Samstundes held ein stor og anonym kjøparmarknad oppe etterspurnaden på det mørke nettet.
Den største utfordringa ligg i det teknologiske kappløpet.
– Vi knivar heile tida om å ligge først og komme oss inn på krypterte meldingstenester og det mørke nettet for å prøve å identifisere. For kvar sak politiet avdekkjer, jo meir lærer dei om politiet sine metodar og lettare klarer dei å tilpasse seg. Det har vore ein mangeårig kamp, seier Frantzen.
Når politiet ikkje når opp digitalt, er snuten til firbeinte som narkotikahunden Scott god som gull.
– Hundesnuten er veldig følsam, og det er jo også utvilsamt at mange beslag ikkje ville blitt avdekka om det ikkje var for dette «verktøyet» som ein hund er, seier hundeføraren.
Lang fengselsstraff
Funn av falske tablettar, utan verkemiddel, uroar politiet. Både kjøpar og seljar manglar kontroll på innhaldet.
– Det involverer ein risiko, seier Frantzen.
Politiet er ferdige med etterforskinga av sunnfjordingen, men det er uvisst når saka kjem opp for retten.
Mannen er sikta for grovt narkotikalovbrot som gjeld betydeleg mengd. Han risikerer mellom tre og 15 års fengsel.
Ved særskilde omstende opp til 21 år i fengsel.
– Den endelege avgjerda til sakas totale omfang og tiltalespørsmål vert avgjort av statsadvokaten når etterforskinga vert oversendt dit, seier Frantzen.