Ramón Torres Andresen, som ein kanskje kjenner best som berre Ramón, vart «Årets artist» på «P3 Gull» i 2024.
I år skal han opptre under prisutdelinga, men det skal han ikkje gjere åleine.
Artisten drøymer om ein duettpartnar, og det kan vere deg.
– Eg synest at det å spele på «P3 Gull» er kjempeskummelt, så det er veldig fint å sleppe å gjere det åleine, seier Ramón.
Skal synge «Varm»
Ramón har nesten 400.000 månadlege lyttarar på Spotify og var i august aktuell med sitt tredje album, «Ramuelo».
Det er songen «Varm» frå det nyaste albumet, som artisten søkjer ein partnar til.
– Eg har valt denne songen fordi han betyr veldig mykje for meg, og det er den songen eg har sunge mest med folk i sommar, seier artisten.
Under konsertar i sommar har Ramón merka at publikum har sunge mest og høgast med på «Varm», ein song som han har skrive til mannen sin.
– Det har vore veldig spesielt.
Ramón fortel om å ha sett klipp frå eigne konsertar der han ikkje kan høyre si eiga stemme, men berre lyden av publikum som syng med.
– Og no vil eg gjerne løfte denne allsongen eitt hakk, og ta med meg nokon frå publikum opp på scena under «P3 Gull».
Drøymer om nokon som er komfortable på scena
Det er ingen kriterium for å kunne melde seg på for å bli Ramóns duettpartnar, men artisten seier han drøymer om å finne ei stemme som passar til si eiga.
– Også drøymer eg sjølvsagt om å finne nokon som liker å synge og som kan vere komfortable på scena saman med meg, seier artisten.
Det er ikkje første gong Ramón speler på «P3 Gull», men det er første gong han tek med nokon han ikkje kjenner på scena.
– Kanskje eg er litt naiv og godtruande, men eg er heilt sikker på at det kjem til å gå kjempebra, seier han.
Ramón innrømmer samtidig at han synest det er skummelt å skulle synge direkte på TV med nokon han ikkje kjenner.
– Men eg stoler veldig mykje på «Drømmelaget» og Anna, som skal hjelpe meg å finne denne personen.
– Ein prestisjetung spelejobb
For å finne draumeduett-partnaren sin, skal Ramón få hjelp av radioprogrammet på NRK P3, «Drømmelaget».
Programmet går ut på at programleiarane prøver å hjelpe lyttarane med å oppfylle draumane sine.
Og no skal dei altså hjelpe Ramón med å oppfylle draumen sin om ein duettpartnar.
Programleiar Anna Nor Sørensen (som seier ho alltid har drøymt om å vere Idol-dommar) er klar i tale om kva ho ser etter:
– Det aller viktigaste her er at ein har ei fin songstemme, så kynisk må eg faktisk vere, for det skal sendast direkte på TV.
Sørensen skal saman med Ramón bestemme kven som skal synge saman med artisten på «P3 Gull», ho omtaler dette som ei unik moglegheit for dei som har eit ønske om å synge på ei stor scene.
– Det å spele på «P3 Gull» er ein prestisjetung spelejobb.
Programleiaren seier at ho i tillegg kjem til å sjå etter formidlingsevne.
Sørensen er også veldig oppteken av å klare å nå ut til så mange som mogleg i håp om å finne den som verkeleg fortener rampelyset.
– Vi i «Drømmelaget» er så heldig at vi når ut til ganske mange, ved å vere eit riksdekkjande radioprogram på NRK. Så vi håpar på å kunne hjelpe Ramón med å finne folk som er kjempeflinke til å synge og som fortener å stå på scena under «P3 Gull».
Sånn kan du bli Ramóns duettpartnar
«P3 Gull» skjer i år 6. november på NRK Marienlyst.
For å kunne bli Ramóns duettpartnar, må du melde deg på ved å skrive litt om deg sjølv og laste opp ein video av deg som syng.
Det kan du gjere her.
Det er 16 års aldersgrense for å kunne melde seg på.
Meld deg på innan klokka 12.00 onsdag 21. oktober.
Av alle som melder seg på, blir nokre få teke med vidare til audition. Då vil dei det gjeld, bli ringt under sendinga til «Drømmelaget» torsdag 22. oktober og synge på direktesendt radio.
Av dei blir det valt ut éin som skal oppfylle draumen til Ramón.
Kven som skal stå på scena saman med Ramón 6. november blir annonsert på «Drømmelaget» fredag 23. oktober.
Høyr Ramón fortelje frå livet sitt i «Sommer i P2»: