16.000 har ønske om å symje 3,8 km, sykle 180 km og løpe 42,2 km frå Hardangerfjorden til Gaustatoppen.
– Jonny Andersen du er aktiv triatlet: Kva er gale med folk?
– Heile Norseman er blitt veldig mytisk.
Andersen er styreleiar i Kondis, norsk organisasjon for kondisjonsidrett, og har sjølv gjennomført Norseman. I 2013 stod han på startstreken i Eidfjord.
Neste år vil svært mange gjere det same.
Heile 16.033 personar frå 110 land har meldt seg på trekninga om startplass til Norseman 2027. Det er meir enn dobbelt så mange som året før.
Men berre rundt 250 får starte.
Andersen seier at populariteten kjem frå status å kunne klare det, og at veksten må sjåast i samanheng med ein større trend.
– Skil seg frå andre triatlon
Triatlon og Ironman-konkurransar har fått stadig meir merksemd både i Noreg og internasjonalt. Samstundes har treningsprofilar og sosiale medium gjort ekstreme uthaldskonkurransar synlege for langt fleire.
– Folk får auge på det. Det er eit stort fokus på å utfordre seg sjølv og presse sine eigne grenser, seier Andersen.
Men Norseman skil seg ut frå mange andre triatlon.
Deltakarane startar med å hoppe frå ei ferje og symje 3,8 kilometer i Hardangerfjorden. Deretter ventar 180 kilometer på sykkel og eit maraton før dei beste får avslutte opp mot Gaustatoppen.
– Ferja, bileta, kor vanskeleg det er å få plass og den svarte T-skjorta. Alt er med på å bygge opp mystikken, seier Andersen.
Også slagordet «This is not for you» meiner han kan vere med på å lokke folk.
– Då kjem spørsmålet: Hadde eg klart dette?
Jakta på den svarte trøya
Norseman har også fått ein eigen status blant mosjonistar.
Dei 160 første som kjem langt nok innan tidsfristen får gå vidare mot Gaustatoppen og kjempe om den ettertrakta svarte finisher-trøya.
Andersen omtalar det som «søken etter den heilage svarte trøya».
Han meiner det å gjennomføre noko som verkar nesten uoppnåeleg, har blitt ein status i seg sjølv.
Samtidig åtvarar han mot å undervurdere utfordringa.
– Det er viktig å ha respekt for at ein må vere førebudd.
Arrangørane har strenge tryggleiksreglar og tidsgrenser, og deltakarar som ikkje held nivået blir tekne ut undervegs.
Stadig yngre
Interessa har også endra seg.
Medianalderen blant dei som søkjer startplass har gått frå 38 til 34 år. Meir enn halvparten er no under 35.
Talet på kvinner som har søkt har nesten tredobla seg, frå 652 til 1907.
Eit av dei 250 startnummera er blant tinga ein kan by på under årets TV-aksjon søndag 18. oktober:
Andersen trur den sterke interessa også kan smitte over på resten av triatlonsporten.
– Det er ei stor triatlonbølge, som kan smitte over på dei andre ekstreme testane.
For dei aller fleste av dei 16.033 som har meldt seg på Norseman 2027, blir likevel utfordringa først å kome gjennom nålauget.
Berre rundt éin av 60 får plass på startstreken.