Noreg sitt forhold til atomvåpen har aldri vore eintydig.
På den eine sida har «Nei til atomvåpen» vore ein hjørnestein i den norske politiske sjølvforståinga heilt sidan den kalde krigen. Overfor omverda har Noreg dyrka rolla som fredsmeklar og humanitært fyrtårn.
Under overflata har Noreg støtta seg på atomavskrekking heilt sidan Nato vart stifta i 1949.
Nordmenn har sagt nei til atomvåpen på norsk jord i fredstid, og ja til å søkje ly under den store atomparaplyen til våre allierte.
Av same grunn sa vi nei til å underteikne FN-forbodstraktaten mot atomvåpen i 2021.
Eit retorisk linjeskifte
Då leiar for Etikkutvalet, Svein Gjedrem, i dag slo fast at det er «etisk» å investere i masseøydeleggingsvåpen, markerer det likevel eit retorisk linjeskifte.
Om Etikkutvalet får det som dei vil, vil verdas største statseigde investeringsfond heretter kunne kjøpe atomvåpen-aksjar dersom selskapet held til i eit alliert land som har underteikna Ikkjespredningsavtalen (NPT).
Justeringa er i tråd med finansminister Jens Stoltenberg sitt ønske om eit meir fleksibelt regelverk ettersom det har «blitt meir krevjande» å trekkje klare grenser for kva som er grove etiske normbrot.
I fjor påpeikte den tidlegare Nato-generalsekretæren at det var «paradoksalt» at Oljefondet ikkje kan investere i selskap som lagar atomvåpen.
Tobakk er framleis forbode
På den andre sida legg Etikkutvalet opp til at det framleis skal vere forbod mot å investere i tobakk, klasevåpen og antipersonellminer.
Skilnaden skal visstnok vere at desse blir laga for å brukast, medan atomvåpen berre blir laga for å liggje på lager.
Men avskrekkingslogikken byggjer på den stikk motsette føresetnaden:
Atomvåpen er berre avskrekkande dersom motparten trur at dei kan bli brukte.
Forslaget om å mjukne opp atomforbodet kjem derfor ikkje utan kostnader. Tre av Arbeidarpartiet sine budsjettpartnarar på Stortinget har alt klaga over «etisk kollaps» og hevdar at Noreg abdiserer som fredsnasjon.
Påtroppande AUF-leiar Fawzi Warsame seier det slik: «Vi kan ikkje leggje opp til å tene pengar på vår eiga utsletting.»
Om Stoltenberg får det som han vil gjenstår å sjå. Rapporten er no overlevert til regjeringa, som i løpet av våren vil leggje fram ei melding for Stortinget.
Dei geopolitiske stormkasta
Det var ein gong det var lettare å skilje mellom dei slemme og dei snille.
Då Etikkrådet vart oppretta på begynninga av 2000-talet, vart det først vedteke å utelukke åtte klasevåpen-produsentar frå porteføljen.
Deretter leid den amerikanske kjøpesenterkjeda Walmart same skjebne.
20 år seinare er verda mindre diskré, og djevelen har gøymt seg i komplekse eigarstrukturar med forgreiningar til Vestbreidda eller militærjuntaen i Myanmar.
Akkurat som vêret har blitt villare, våtare og varmare, har verda blitt meir uføreseieleg.
Dette var bakgrunnen for at Stoltenberg fekk med seg eit stortingsfleirtal på å redefinere oppgåvene til Etikkrådet.
Det nye svaret er altså at dei geopolitiske stormkasta gjer det «etisk» å investere i masseøydeleggingsvåpen.
Det er godt mogleg det er rett.
Men det hadde vore fint om Stoltenberg kalla det for eit paradoks også.