Detaljer

Les på nrk.no

Ved ei hytte ved Romarheimsfjorden nordaust for Bergen er Kurt Nottveit lei av bølgjer.

Turistbåtar som fraktar cruiseturistar frå Bergen og inn den trange fjorden skaper bølgjer som gjer at han ikkje trivst lenger.

Slik kan det sjå ut etter at båtane har passert:

– Bølgjene grev unna murar og øydelegg eigedommane våre, seier Nottveit, som også peiker på andre problem:

– Me har ungar og barnebarn som me ikkje kan la gå i fjæra, eller sleppa dei ut i båt eller kajakk, slik me gjorde før. Det kjennest av og til som terror, seier han.

Fleire som bur eller har hytte langs fjorden ønskjer seg no mykje lågare fartsgrense for turistbåtane.

Nottveit fortel at andre i området har fått øydelagd naust av bølgjene.

Sjølv har han ein eigen VHF-radio, der han og kona stadig prøver å få kapteinar på turistbåtane til å sakke ned farta, slik at bølgjene blir mindre.

Ved minst eitt høve har dei truga med politimelding, noko du kan høyra her:

Bølgjer også i kommunesenteret

Hyttefolk og fastbuande har fått forståing i Modalen kommune. I kommunesenteret Mo, inst i fjorden, har det vore ein kraftig auke i turistbåtar dei siste åra, fortel ordførar Linda Neset frå Solrenningslista.

– Me fekk på eit tidspunkt mykje klager frå småbåthamna, der folk ikkje kunne ligga til kai utan store forstyrringar då båtane kom inn, seier Neset, og held fram:

– Det var ei tid 13 båtar som kom på eitt døgn. Det er svært mykje frå nær sagt ingen båtar og stille farvatn, slik det var før.

Kommunen har no vedteke lågare fartsgrense for fritidsbåtar i fjorden. Men det er Kystverket som må vedta fartsgrensa for næringstrafikk, og dermed turistbåtane.

Modalen kommune brukte dei nye fartsgrensene for fritidsbåtar som utgangspunkt for eit forslag om nedsette fartsgrenser også for turistbåtane.

Dette forslaget var på høyring i sommar, men Kystverket har førebels ikkje konkludert.

Til NRK opplyser Kystverket at dei har vore på synfaring i området, og at dei vil gjera nærare vurderingar i tida framover.

Turistnæringa ikkje avvisande til lågare fartsgrense

Det er i Bergen at fleire selskap plukkar og turistar og fraktar dei inn Romarheimsfjorden.

Mange cruiseturistar har litt dårleg tid fordi dei må rekka tilbake til Bergen før cruiseskipet forlét hamna. Dette er ei av årsakene til at turistbåtane køyrer fort, hevdar folk langs fjorden.

I Bergen møter NRK representantar frå to ulike selskap. Dei er klåre på at ei lågare fartsgrense vil gjera at turen tek lenger tid, men at dei ikkje ser på dette som eit stort problem.

– Me meiner at det bør vera minst mogleg regulering av fartsgrenser. Men dersom lågare fartsgrense gjer det betre for folk langs fjorden tenkjer eg at det er heilt ok, seier Pål Eide i Guided Fjord Tours.

Eit anna selskap som driv turistbåtar til Modalen er Rødne Fjord Cruise. Dei har gjort ei rekkje tiltak for å skapa mindre bølgjer, seier Martin van Velzen.

– Me har gjort avgrensingar i ruteval, og har prøvd å finna ut kor det er best å slå av på farten, slik at det blir minst mogleg bølgjer. Me snakkar heile vegen med kapteinane om dette, seier van Velzen, og held fram:

– Me vurderer heile tida tiltak, og eg vil seia det har blitt mykje betre dei siste åra.

Også Pål Eide i Guided Fjord Tours seier dei har gjort tiltak.

– Me har seld ein båt, så no har me færre turar enn før. I tillegg snur me no ved Mostraumen, og seglar ikkje heilt inn til Mo, fortel han.

Eit tredje selskap, Fjordcharter Norway, skriv til NRK at dei ikkje er kjende med at bryggjer og naust har blitt øydelagde som ei følgje av bølgjer frå deira båtar.

Dei viser også til at det går fleire andre båtar i fjorden, mellom anna store cabincruiserar og sandfrakt.

Vidare skriv dei at dei har god dialog med kommunen om både fartsgrense og rute.

Hytteeigar Kurt Nottveit seier han ikkje er motstandar av turisme.

– Det er heilt flott at folk tenar pengar. Eg forventar ikkje at me som bur og har hytte her skal tene noko, men dei må ikkje øydeleggje for oss.

Tilknyttede emner til denne saken