Søndag kveld talte president Emmanuel Macron til det franske folket.
Presidenten understrekar at folk har lov til å demonstrere, men at dei som har gjort lovbrot vil bli straffa.
– Dei som har øydelagt, må betale. Dei som har plyndra, må erstatte det dei har tatt, seier Macron.
Presidenten varslar også at det skal vere «full openheit» om politiet si handtering av demonstrasjonane.
– Vi må alle ta ansvar for at landet treng ro og orden, ikkje ei opptrapping, seier han.
– Ingenting rettferdiggjer utøymeleg vald.
Vidare seier presidenten at han forstår uroa til ungdommane i landet:
– Dei må bli høyrd utan fordommar og utan å bagatellisere vanskane.
Presidenten er tydeleg på at fredelege demonstrantar ikkje må bli forveksla med dei som plyndrar og spreier vald.
– Ingenting rettferdiggjer det. Ingenting forklarar det. Ingenting unnskyldar det.
Statsminister Sébastien Lecornu hadde eit krisemøte med ministrane i forkant av talen til presidenten.
– Dramatisk
Søndag var det igjen spent mellom demonstrantar og politi på Place de la République i Paris.
NRK var vitne til korleis det var ein stillingskrig.
Med jamne mellomrom brukte politiet tåregass, og demonstrantar kom løpande over plassen eller ut i sidegatene.
NRK sin korrespondent er til stades i Paris:
Blant vanlege folk NRK møter får dei fredelege demonstrasjonane støtte, men ikkje dei valdelege:
– Det som skjer er dramatisk. Dei er ikkje ute etter å demonstrere, berre øydelegge, seier Gerome.
Han reagerer på korleis demonstrasjonane har utvikla seg, og tar avstand frå øydeleggingane og valden som spreier seg i landet.
Også Ariane er prega over situasjonen og synet som møtte ho søndagsmorgon.
– Eg er overvelda. Det er så trist, seier ho.
Valdelege opptøyar
Laurdag deltok hundretusenvis i ein fredeleg protest i Paris, og det var varsla om 600 demonstrasjonar over heile landet.
Sidan midten av september har elevar frå vidaregåande skule demonstrert som følge av eit manglande og urettferdig offentleg skuleverk.
No har elevane slått seg saman med fagforeiningsfolk og grasrotrørsla «Dei gule vestane» som demonstrerer mot auka levekostnadar, kjøpekraft og inflasjon.
Men demonstrasjonane utvikla seg etter kvart til valdelege opptøyar.
Søndag vakna franskmennene til raserte bygningar og utbrente gjenstandar etter ei natt prega av plyndring, hærverk og omfattande vald.
Statsminister Sébastien Lecornu peikar på venstreradikale grupper og kriminelle som årsaka til at demonstrasjonane eskalerte, skriv han på X.
Nær 2400 personar er pågripne og i underkant av 1000 politifolk blei skadde i opptøyane laurdag.
I tillegg til hovudstaden blei Marseille, Nice, Lyon, Nantes, Bordeaux, Limoges, Lille, Toulouse og Strasbourg råka.
Sjå korleis fleire franske byar såg ut søndagsmorgon:
Etterforskar politivald
Politiet har fått kritikk for handteringa av demonstrasjonane.
Med verkemiddel som tåregass, vasskanonar og sjokkgranatar mot demonstrantane har fleire skildra politiet si framferd som aggressiv.
Samtidig har demonstrantane møtt politiet med røykbomber og fyrverkeri.
Ein 17 år gamal gut miste handa si etter at ein sjokkgranat trefte han i byen Saint-Étienne under nattas opptøyar.
I Mulhouse har ei 17 år gamal jente mista eit auge etter valdelege scenar i byen. Hendinga blir granska av lokale myndigheiter, skriv France 24.
Politiet har vore tause om kor mange demonstrantar som til no er skadde som følge av protestane. Dei er for tida under etterforsking etter skuldingar om politivald, skriv Reuters.
Macron har varsla «full openheit» av politiet si handtering av protestane. Presidenten meiner at landet må lære av situasjonen, og han forventar «klare svar» frå innanriksminister Laurent Nunez.
NRKs utanriksredaktør kommenterer opptøyane:
Interessert i det som skjer i verda? Høyr podkasten til Urix: