Britiske styresmakter fekk melding om hendinga frå den britisk-registrerte fritidsbåten som blei skote på tysdag føremiddag.
Hendinga skal ha skjedd mellom øya Isle of Wight og Normandie, utanfor britisk farvatn, skriv BBC.
Hendinga skal ha skjedd like sør for øya Isle og Wight.
Det britiske forsvarsdepartementet stadfester hendinga.
– Vi etterforskar hendinga i Den engelske kanalen, seier ein talsperson til Sky News.
Det er ikkje meldt om skadde personar eller skader på fritidsbåten.
Ikkje samanheng med bording av skip
Hendinga skjer berre to dagar etter at det britiske forsvaret stoppa eit tankskip frå den russiske skyggeflåten som prøvde å passere i Den engelske kanalen.
Men forsvarsdepartementet i Storbritannia seier dei ikkje set skytinga i samanheng med bordinga av oljetankaren, og seier dei ser på dette som ei isolert hending.
Russiske marinefartøy passerer regelmessig gjennom Kanalen, og blir rutinemessig overvaka av den britiske marinen.
Fregatten som skal ha skote varselskot tysdag, blei observert av britiske marinefartøy i helga, skriv britiske medium.
Kan ha hatt motorproblem
Dei førebelse funna i etterforskinga til det britiske forsvaret skal, ifølge Sky News, vise at det russiske marinefartøyet hadde problem med manøvrere.
Det er ikkje kjent kva som er årsaka til dette, men ein teori er at skipet hadde motorproblem, og at dei avfyrte varselskot for å hindre kollisjon med fritidsbåten.
Dette blir også stadfesta av det russiske forsvarsdepartementet.
– Den russiske fregatten gjorde fleire forsøk på å komme i kontakt med fritidsbåten, men det var ingen respons, skriv dei i ei fråsegn på Telegram, ifølge Sky News.
Det skal ha vore dårleg sikt i området då hendinga skjedde, og den britiske fritidsbåten skal ha komme svært nær det militære fartøyet, skriv Sky News.
