Søndag var det nye demonstrasjonar i Frankrike, etter at fredelege demonstrasjonar laurdag, utvikla seg til valdelege opptøyar.
I løpet av helga blei nesten 2400 personar gripne og rundt 1000 politifolk skadde i samanstøytane, melder det franske innanriksdepartementet.
Frankrikes president Emmanuel Macron langar ut mot «svikt» som har ført til dei valdelege demonstrasjonane, og seier han vil ha ein gjennomgang for å finne ut kva som har skjedd.
Ber innanriksministeren halde fram
Presidentens kontor opplyser måndag at innanriksminister Laurent Nuñes bad om å få gå av etter demonstrasjonane.
Han vedgår i ei melding måndag at politiet mista kontrollen over demonstrasjonane i enkelte franske byar, og at dei ikkje hadde gjort gode nok førebuingar.
Nuñes seier han kjente på eit ansvar for det som skjedde, og at det var grunnen til at han leverte avskilssøknaden.
Men ønsket om å gå av blei avvist av Macron, som i staden gav Nuñes i oppgåve å ta i bruk alle naudsynte tiltak for å sikre full openheit om kva som har skjedd, og korleis valden kunne ha vore hindra.
Han har også bede innanriksministeren etablere nye arbeidsmetodar for politiet og tryggingsstyrkane.
Macron seier han forstår uroa til ungdommar i landet, som har demonstrert mot tilhøva i skulen, men seier det er viktig å skilje mellom dei som demonstrerer fredeleg og dei som plyndrar og spreier vald.
– Dei som har øydelagt, må betale. Dei som har plyndra, må erstatte det dei har tatt, sa Macron i ein TV-sendt tale til det franske folket søndag kveld.
Meiner dei har svikta
Den franske justisministeren Gérald Darmanin seier til TV-kanalen France 2 at hendingane i helga viser at tryggingstenestene ikkje er gode nok til å handtere truslar frå demonstrantar på ytre venstre, melder Reuters.
Han seier at dei er svært dyktige til å handtere truslar frå terroristar og organisert kriminalitet.
– Men det er tydeleg at dei ikkje taklar ytre venstre like effektivt, seier han.
– Folk blir lei seg
Professor i sosiologi Marte Mangset bur i Paris saman med dottera, som går på skule der.
Ho fortel at dei prøver å unngå demonstrasjonane når dei er ute i byen, og undersøker kvar dei har planar om å gå.
– Men laurdag oppstod det fleire spontane demonstrasjonar, som gjekk utanom dei planlagde løypene. Det utvikla seg til valdslege samanstøytar mellom demonstrantar og politi.
Ho seier det ikkje er uvanleg med demonstrasjonar i Frankrike, men at det uvanlege denne gongen er at dei har blitt så valdelege.
– Det blei stole frå butikkane. Det brann i busskur, søppelbøtter og syklar. Folk blir veldig lei seg og skuffa, og synest det er vanskeleg.