– Dette er ein av dei verste tragediane på kanadisk jord som det kanadiske militæret har sett i fredstid, seier Canadas statsminister Mark Carney i dag.
Det er framleis ikkje klart kva som utløyste den store brannen på militærbasen i Alberta i Canada natt til søndag norsk tid.
– Fire personar er døde, mange titals er alvorleg skada, seier Carney.
Mange medium meldar om sju døde, men Carney bekrefta at fire tilsette i militæret mista livet.
Carney har gitt beskjed om at det kanadiske flagget skal henge på halv stong ved offentlege bygg over heile landet.
Nyheita blei kjend da Carney skreiv på X at ei alvorleg hending hadde utløyst ein stor brann på basen Wainwright i Alberta natt til søndag.
– Eg kan ikkje hugse ei hending som denne i nyare tid, sa forsvarsminister i Canada David McGuinty på ein pressekonferanse natt til søndag norsk tid.
Framleis er mange spørsmål uavklart. Men myndigheitene har sagt at det ikkje er snakk om terrorisme.
– Vi står i solidaritet og medfølelse med familiane, venene og kollegaene til alle dei som er råka av denne tragedien. Kanadiarar kjem saman i vanskelege tider, seier Carney i dag.
Myndigheitene brukte lang tid på å kome med utfyllande informasjon om hendinga.
Årsaka er at pårørande skulle varslast før dei gjekk ut med kva som hadde skjedd og kor mange som var drepne.
Det kanadiske nyheitsmediet Global News har rapportert at ein gassleidning eller gassbrønn blei treft under ei eldøving. Informasjonen kjem ifølge mediet frå anonyme militære kjelder.
– Ein katastrofe
Fleire titals brannbilar og ambulansar rykka ut.
Pasientar blei frakta til sjukehus over heile byen ettersom helseinstitusjonane rundt basen blei «fullstendig overvelda» av antalet som trong behandling, sa legen Warren Thirsk til den kanadiske kringkastaren CBC.
– Det er fleire pasientar enn nokon av oss vil telje akkurat no. Det er ein katastrofe, sa Thirsk til kringkastaren.
Sjukehuset i nabobyen Edmonton erklærte kode oransje, ein katastrofeberedskapsprotokoll for å reagere på ei hending med mange skadde.
Det var rundt klokka 16.00 laurdag lokal tid at brannmannskap rykka ut til militærbasen etter meldingar om brann i eit treningsområde ved basen.
Sterk vind gjorde sløkkingsarbeidet vanskeleg. Nokre stader var vindkasta opp mot 100 kilometer i timen.
Det tok fleire timar før brannmannskapet fekk kontroll på brannen.
7000 innbyggarar
Den kanadiske militærbasen Wainwright er ein av Canadas største militære treningsbasar.
Det er jamleg Nato-soldatar ved basen.
I byen Wainwright bur det rundt 7000 innbyggarar.
Ordføraren i byen Bruce Pugh seier at dei som jobbar ved militærbasen er naboar og kjenningar.
– Barna våre speler på dei same hockeylaga og går på dei same skulane, seier Pugh til CBC.
Måndag skal innbyggarane i provinsen Alberta stemme i ei folkeavstemming. Der må dei mellom anna ta stilling til ei mogleg lausriving frå Canada.
Ifølge målingane er det lite sannsynleg at provinsen stemmer for lausriving.