Måndag kveld blei det kjent at ein rådgivar i Arbeidarpartiet si stortingsgruppe er dømt for hallikverksemd, skreiv Dagens Næringsliv.
Fredag kveld har NRK stilt Arbeidarpartiet fleire spørsmål om rådgivaren sitt arbeidsforhold.
– Vi følger opp vår medarbeidar. Ut over det har vi ingen kommentar til saka, seier Martin Ulvestad Østerdal, sekretariatsleiar i Arbeidarpartiet si stortingsgruppe.
Arbeidarpartiet vil ikkje kommentere kva som skjer med rådgivaren sitt arbeidsforhold.
Rådgivaren står framleis oppført som tilsett hos Arbeidarpartiet.
Mellomledd i betalingar for prostituert
Ap-rådgivaren har ifølge dommen i overkant av to år vore eit mellomledd for betalingar til ei kvinneleg prostituert.
Rådgivaren mottok pengar frå ulike kundar som blei sett inn på vedkommande sin bankkonto. Frå kontoen blei pengane sendt vidare.
Personen har ikkje sjølv hatt noko økonomisk vinning av forholdet, men rundt 800.000 kroner gjekk gjennom rådgivaren sine eigne kontoar.
Dette er brot på paragraf 315 i straffeloven.
Retten meiner at rådgivaren har fremma andres prostitusjon, og at saka ikkje ber preg av utnytting eller misbruk av kvinna, skriv DN.
Ap-rådgivaren er dømt til 30 dagar fengsel utan vilkår og 15 dagar fengsel med vilkår.
Rådgivaren fekk strafferabatt etter samarbeid med politiet og å ha tilstått forholda.
– Det får eg berre ta konsekvensen av
Til DN seier Ap-rådgivaren at: «Eg står i dette med rak rygg og med verdas beste samvit».
– Eg har verken kjøpt sex, drive kopleri eller tent ei einaste krone på andre – det eg visste var ulovleg, skriv rådgivaren til avisa. Men eg har vore grei mot ei dame, truleg bidratt til at ho no går over i ein ny fase av sitt liv raskare enn ho elles ville ha gjort, skriv rådgivaren til avisa.
– Det viste seg å vere ulovleg, og det får eg berre ta konsekvensen av, legg rådgivaren til.